Kultur | 01. apr. 2019

Trio til musikkbaren

Engegård, Haugen og Svendsrud er for mange kjende namn i musikkverda - på torsdag kjem dei til Hanne's.

Trio til musikkbaren
På torsdag kan du få med deg trioen Haugen, Svendsrud og Engegård på Hanne's. (Pressefoto: Thor Hauknes) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 01. apr. 2019 08:48

Trekkspelaren Håvard Svendsrud gjesta Hannes konditori og musikkbar i Os i 2017, og kjem no attende med trioen sin.

Med seg på laget har Svendsrud fiolinisten Arvid Engegård og bassisten Svein Haugen.

Solid CV og plateslepp

Arvid Engegård er internasjonalt kjend som solist, dirigent og primarius for «Engegårdkvartetten»

Håvard Svendsrud har markert seg som ein av Noregs mest aktive trekkspillere, kjent mellom anna frå Trekkspillgallaene i Grieghallen.

Sven Haugen har vore solobassist i Oslo filharmoniske orkester i 38 år, og er i dag frilansmusikar.

I april slepp dei si første plate som trio. Plata inneheld musikk av den landskjente og folkekjære komponisten Per Bolstad (1875-1967).

Hovedtyngda av programmet som skal presenterast på konserten i Os vil være utdrag fra den nye plata.

I tillegg vil programmet bestå av diverse underhaldningsmusikk og lettare klassisk musikk av til dømes Fritz Kreisler og Edward Elgar.

Les òg: Vårprogrammet nesten spikra hos Hanne's

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.