Trolltunga blei Vestland sin første nasjonale turiststi

Noregs fjerde med ny status.

Trolltunga ved Tyssedal i Hardanger blei torsdag Vestland fylke sin første destinasjon med statusen Nasjonal turiststi. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 31. juli 2021 09:37

Trolltunga blir Nasjonal turiststi som den første i Vestland fylke.

Det er Miljødirektoratet som står for autoriseringa. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn stod for markeringa ved starten på stien til Trolltunga torsdag.

– Eg gratulerer Trolltunga med autorisasjonen som Nasjonal turiststi og er stolt over at Vestland no har fått sin første av desse særs godt tilrettelagde turiststiane, seier fylkesordførar Jon Askeland i pressemelding frå Vestland fylke.

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 7
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bidrag frå fylkeskommunen

Fylkeskommunen har bidratt til prosessen gjennom fleire tiltak.

For å bli autorisert som Nasjonal turiststi, må reisemåla arbeide målretta for å oppfylle ei rekkje kriterium. Desse inkluderer tiltak som å utvikle sårbarheitsanalyse, besøksstrategi, skilting, tilrettelegging og merking på sti mm.

Gjennom prosjektet ASCENT, der Hordaland fylkeskommune var partnar med Trolltunga som case, kunne fylkeskommunen bidra med midlar til fleire av desse tiltaka.

Vestland fylkeskommune er også representert i Miljødirektoratet si ressursgruppe for satsinga Nasjonale turiststiar.

Gode døme på berekraftig utvikling

Etter ein omfattande prosess har Miljødirektoratet autorisert Trolltunga som Nasjonal turiststi.

Trolltunga blir dermed det fjerde reisemålet i rekka som får denne statusen, av inntil 15 turstiar som kan bli autorisert.

Nasjonale turiststiar er definert som område med svært stort besøkstrykk som har uvanleg store utfordringar når det gjeld slitasje på naturen, søppel, tryggleik og informasjon til gjestane.

Turiststiar som er aktuelle for autorisasjon skal være gode døme på berekraftig utvikling, sesongforlengande tiltak og vere drivar for lokal verdiskaping.

Merkevare Nasjonale turiststiar

Den eksklusive gruppa med reisemål som kan smykke seg med tittelen Nasjonal turiststi kan bruke merkevara som er utvikla.

Trolltunga er pilot for den nyutvikla merkevara til prosjektet, som gjestar til området vil sjå igjen på skilt og informasjonsmateriell.

Merket er i første rekkje eit kvalitetsstempel som viser at reisemålet har jobba målretta og strategisk for å gjere turen tryggare og beskytte sårbare naturverdiar.

Ordninga skal ikkje leggje til rette for meir utbygging og tiltak enn naudsynt, og tiltaka skal være i tråd med allemannsretten.

Frå før er Fosserosa i Geiranger, Preikestolen og Kjerag (begge i Rogaland) autorisert, og Trolltunga blir no altså den fjerde i rekka.

Om ordninga:

  • Konseptet Nasjonale turiststiar blei utvikla i 2018. Miljødirektoratet løyver ein årleg pott til område som kvalifiserer til støtte etter kriteria.
  • Ein kan søkje støtte frå ordninga utan å være sertifisert som Nasjonal turiststi. Dei som får midlar blir også invitert inn i kompetansehevande nettverk.
  • I 2021 blei ti millionar fordelt til 16 ulike destinasjonar, og heile fem av desse ligg i Vestland fylke.
  • Aurlandsdalen, Bondhusdalen, Dronningstien, Kongevegen og Trolltunga fekk alle midlar frå ordninga i 2021

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.