Lokal | 27. okt. 2014

Truga med å drepa politiet

Ein utlending i 40-åra kom med grove trugslar då politiet kom for å fjerna han frå ein fest på Halhjem.

Truga med å drepa politiet
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. okt. 2014 09:00

Klokka 23.30 laurdag kveld fekk politiet melding om ein trugande person som hadde dukka opp på ein privat fest på Halhjem.

– Vedkomande, ein utanlandsk mann i 40-åra, var ikkje invitert, og hadde vore trugande mot folk som var på festen, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Då patruljen kom til staden sette han seg opp mot politiet og dei måtte pågripa han.

– Han kom med drapstrugslar mot politiet. Vedkomande blir framstilt for varetektsfengsling i dag, dette er ei sak vi ser svært alvorleg på.

Det er uvisst om mannen har fast adresse i kommunen, men han jobbar for eit firma i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.