Kultur | 04. mars 2013

Trur Eirik ryker først ut

Bookmakerane trur Steffen Jakobsen vinn Idol 2013 - og tipper at Eirik er førstemann som ryker ut.

Trur Eirik ryker først ut
Eirik Søfteland då han song "Come together" i semifinalen onsdag i førre veke. (Foto: Olav Skorpen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. mars 2013 08:09

Onsdag i førre veke gjekk osingen Eirik Søfteland vidare frå semifinale i Idol, førstkomande fredag er han ein av ti finalistar som syng for å halda plassen på veg mot superfinale, siger og platekontrakt.

Les òg: Eirik flytta til Oslo i dag

I Betsson hadde dei lite tru på at Eirik skulle ta seg til finale, og hadde i starten 5 i odds på at osingen skulle ta ein av dei to plassane i fjerde semifinale.

– Det var ein del som vedda på Eirik, og nokre av dei vann firesifra beløp, fortel oddssetjar i Betsson, Daniel Vassbund.

Vassbund traff på 6 av dei 8 første finalistane. Ingen har hatt høgare odds enn Eirik.

Får høgast odds igjen

Eirik tok seg vidare, men Vassbund har ikkje fått auka tru på osingen.

– Steffen er den som har imponert mest til no. Vi har han som knepen favoritt framfor Astrid Smeplass frå Rennebu. Ungjenta har allereie masse fans over heile landet, seier han.

Oddssetjaren trur at trioen Eirik Søfteland frå Os, Martine Rygvold frå Trondheim og Georg Lipai frå Sandane lever farligast.

- Stalltipset er at Eirik ryker ut allereie på fredag, men samtidig var han den artisten som overraska oss mest i semifinalane, seier Daniel Vassbund.

Midtsiden med tru på Eirik

Vassbund undervurderer kanskje Eirik si breie støtte både i heimbygda, som for nokre år sidan stemte oselvaren fram som Noregs nasjonalbåt, og over resten av landet.

I løpet av sendinga onsdag hadde Eirik 3-4 gongar så mange "likes" på Idol si facebook-side som resten av semifinalistane.

I tillegg til å levera stødig appellerer han til ei gruppe musikkintereserte som ikkje har listepop og Idol høgast på ønskjelista si, dei mange rockarane Noreg.

Vi trur Søfteland heng med i fleire veker, minst til topp 5.

Om Eirik skulle vinna Idol kan du gonga innsatsen din med heile 25.

Vinnarodds Idol 2013 frå Betsson.com:
Steffen Jakobsen 2.75
Astrid Smeplass 3.00
Sverre Eide 8.00
Astrid Sugaren 8.00
Siri Vølstad Jensen 10.00
Anniken Kolstad 15.00
Ola Weel Skram 15.00
Georg Lipai 20.00
Martine Rygvold 20.00
Eirik Søfteland 25.00

Ryka ut-odds frå Betsson.com:
Eirik Søfteland 3.50
Martine Rygvold 4.00
Georg Lipai 4.00
Anniken Kolstad 7.00
Ola Weel Skram 7.00
Siri Vølstad Jensen 8.00
Sverre Eide 9.00
Astrid Sugaren 9.00
Astrid Smeplass 24.00
Steffen Jakobsen 24.00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.