Bjørnafjorden kommune | 05. juli 2022

Trur på høg folkevekst i Bjørnafjorden

4 av 10 kommunar vil få nedgang i folketalet. Bjørnafjorden vil auka med 19,1 prosent.

Trur på høg folkevekst i Bjørnafjorden
Oransje farge er høgvekst, blå er negativ vekst. (Kart: SSB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. juli 2022 11:10

Folketalet vil krympa i 40 prosent av kommunane fram mot 2050, skriv SSB i dag.

Byane og områda rundt vil halda fram med å veksa, mens veldig mange distriktskommunar vil sjå redusert innbyggartal dei neste tiåra.

– Desse kommunane vil få særleg høg snittalder, skriv SSB.

SSB si nye befolkingsframskriving viser at folketalet i Noreg vil veksa frå dagens 5,4 millionar menneske til 6 millionar i 2050 og 6,2 millionar i 2100.

I Bjørnafjorden kommune reknar SSB med at vi aukar frå 25.213 innbyggarar i 2022 til 30.030 innbyggarar i 2050.

Låg vekst i Vestland

I sitt hovudalternativ i befolkingsframskriving reknar SSB med at folketalet i Vestland fylke vil auka med 8,2 prosent frå 2022 til 2050, altså frå 641.292 til 694.074 innbyggarar.

SSB reknar med at folketalet vil veksa meir i 6 av dei 10 andre fylka, med Viken på topp med 18,5 prosent vekst og Nordland på botnen med 1,6 prosent nedgang i folketalet dei neste 28 åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.