Næringsliv | 19. mars 2012

Trur på vekst i 2012

Askvik: Lanserer P80 i Oslo i morgon. Produserer over 100 (!) båtar i Os i år. Håper på god sommar og har tru på løft i småbåtmarknaden.

Trur på vekst i 2012
Henrik Askvik på båtmessa i Dolviken førre helg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. mars 2012 10:05

I morgon tidleg reiser Askeladden-sjef Henrik Askvik til Lillestrøm for å lansera den største pilothus-båten frå Askeladden til no, Askeladden P80 Weekend.

– Under heile båtmessa i Dolviken førre helg var eg om bord i P80-en og tok imot publikum. P66-båtane har vore ein stor suksess og vi ser allereie at storebror blir populær, så vi ser veldig fram til å visa den i Oslo, seier Henrik Askvik til Midtsiden.

Fjoråret vaks Askeladden Boats AS med 11,5 prosent. Til no i år ligg dei 36 prosent over det som er budsjettert.

45 i Polen - 19 i Os

I fjor haust bestemte Askeladden Boats seg for også å flytta småbåtproduksjonen til verftet i Polen som i fleire år har bygd dei store båtane for den tradisjonsrike Os-bedrifta.

Kort tid etterpå fortalte Henrik Askvik at dei nok kom til å ha litt produksjon på heimebane, men no har heimeproduksjonen blitt større enn først venta.

– Vi produserer tre båtar i veka no. Heile skjergardsserien og fleire DC-modellar blir produsert her ved "moder-fabrikken", så det blir nok produksjon av over 100 askeladdar i Os i år.

Og det blei ikkje to, men ni tilsette i produksjonen i Os. I tillegg sit heile administrasjonen, som tel ti tilsette, her i Os.

– No har vi 19 tilsette i Os. Til ei kvar tid er éin av oss i Polen, der 45 av dei tilsette ved det store verftet jobbar med våre båtar. Der blir det produsert 6 store båtar i veka.

– Vêret avgjerande for mange

– Eg gler meg over utviklinga, men håper samtidig på at småbåtmarknaden skal ta seg opp igjen. Eg høyrer nesten kvar dag at kundar seier at dei ikkje har brukt båtane sine dei siste åra grunna dårleg vêr, derfor vil dei over til pilothus-båt.

På det meste blei det produsert 7-8 båtar for dagen i Askvik. Derfor synes Henrik det er litt roleg på huset sjølv om det sidan januar har vore god produksjon i hallen.

– No håper eg på ein god sommar. Det er det sikkert fleire som gjer, men vi har ekstra god grunn til det. Kanskje kan vi, om vi får nokre gode somrar på rad, få endå fleire tilbake i småbåtar og daycruisarar, håper Henrik Askvik.

Midtsiden samleside: Askeladden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.