Trygg opplæring i Os hamn
Over 100 ungar boltra seg på 6 postar om tryggleik då Redningsselskapet saman med lokale blålysetatar hadde opplæring i Os hamn i dag.
Elevera frå Os, Søfteland og Nore Neset barneskule fekk i dag fire timar med opplæring om tryggleik, med særleg fokus på det maritime, då Redningsselskapet besøkte Os med Forebyggende Seilas.
– Det er ekstra kjekt at lokale redningsetatar stiller opp og er med på denne dagen. Her har vi Røde Kors, ambulansetenesta, politiet og brannvesenet, med redningsdykkartenesta, med og bidrar.
Les òg: Like viktig som båtførarprøven
– Slike turar er heller ikkje gratis. Vi er innom fleire kommunar på denne turneen, og hovudsponsor er ei verksemd eigd av ein frå Os, Ståle Daae Børnes og Bergen Marinesenter. Bjørnefjorden Gjestetun har også stilt opp og gitt oss gratis overnatting, fortel Endre Ytreland frå Redningsselskapet.
6 postar
Under dagens arrangement gjekk elevane frå post til post, i alt var dei innom seks stasjonar med undervising.
• Kva sympom skal du sjå etter og kva skal du gjera om nokon er livstrugande skadd? Røde Kors og ambulansetenesta viste førstehjelp og delte ut tips på to stasjonar.
• Korleis unngå brann og kva oppgåver er Os brannvesen sine viktigaste?
• Kva knutar er viktige å kunna? Elevane fekk prøva sjølv.
• Kva skjer om du gjer noko kriminelt? Anne Lyssand frå Os lensmannskontor fortalte kva konsekvensar som er viktigast for ungdom å tenkja over?
Elevane fekk også omvising om bord i redningsskøyta Bjarne Kyrkjebø og demonstrasjon og test av brannsløkkingsutstyr frå skøyta.