Politi | 04. aug. 2022

Med ølpose på sparkesykkel i Liafjellstunnelen

Politiet mistenker promillekøyring med elsparkesykkel.

Med ølpose på sparkesykkel i Liafjellstunnelen
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. aug. 2022 08:04

I 21-tida onsdag kveld fekk politiet melding om ein mann på elsparkesykkel i Liafjellstunnelen på E39.

Fartsgrensa er 80 km/t gjennom tunellen, og vitnet reagerte, sjølv om Liafjellstunnelen ikkje er skilta med forbod mot syklistar.

– Vedkomande, ein mann i 40-åra, blei kontrollert. Han bar på ein pose med alkohol, og blei testa for promillekøyring, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det blei blåst til 0,11 mg/l.

– Mannen nekta for å ha køyrd med promille, og forklarte at han først byrja å drikka då køyreturen var over.

Han blei likevel tatt med til legevakt for blodprøve, og politiet har oppretta sak.

Dette skriv politiet.no om reglar for elsparkesyklar:

Fra 15. juni 2022 er det nye og strengere regler for bruk av elsparkesykkel.

  • Den alminnelige promillegrensen på 0,2 skal gjelde også for ruspåvirket kjøring med små elektriske kjøretøy.
  • Aldersgrensen for å kjøre elsparkesykkel blir 12 år.
  • Det blir påbud om at barn under 15 år skal bruke hjelm.
  • Små elektriske kjøretøy omklassifiseres fra «sykkel» til «motorvogn».

Les meir om kor du kan køyra på vegvesen.no og lokalt kart for utleige-elsparkesyklar på bjornafjorden.kommune.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.