Sport | 13. juni 2019

Tunge løft for å få godkjent banen

Os sitt A-lag har spelt på dispensasjon til no.

Tunge løft for å få godkjent banen
Alle dei tre stolpane er no på plass utanfor tryggleikssona. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. juni 2019 12:07

I vinter fortalte Os Fotball om negativt svar på søknad om dispensasjon for avvik på tryggleikssona langs hovudarenaen på Kuventræ. Krava skal ha blitt skjerpa i Norsk Tipping-ligaen.

Innbytarbenkar og fundament til tre lyktestolpar låg inne i tryggleiksona, som er 4 meter frå sidelinja.

– Men vi fekk dispensasjon til å bruka banen fram til 20. mai, ein dispensasjon som blei utvida til førre heimekamp, fortel styreleiar i Os Turnforening, Hans Parnefält.

I mål til måndag

I februar blei innbytarbenkane flytta og rekkverk montert på tribunen. Det meir kompliserte arbeidet, med flytting av dei tre lyktestolpane kom seinare, og var årsaka til at Os Turn måtte be om dispensasjon til å få spela nokre serierundar på bane med postra stolpar.

I førre veke blei dei løfta til nye fundament utanfor tryggleikssona.

– Kranbil, lift og elektrikar måtte i sving. Det blei kostbart, men det var godt å få det gjort, seier Parnefält.

No gjenstår berre å meisla vekk dei gamle fundamenta. Dette skal gjerast før heimekampen måndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.