Næringsliv | 28. feb. 2018

– For turisme må vi tenkje stort

Næringssjefen vil samla kommunene rund Bjørnafjorden til eitt turistrike.

– For turisme må vi tenkje stort
Næringssjef Daniel Skotheim inviterer turistnæringa til møte i Oseana tysdag 13. mars (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 28. feb. 2018 12:00

Næringssjef Daniel Skotheim i Os kommune sendte i dag ut ein invitasjon til verksemder og privatpersonar rundt Bjørnafjorden som driv innanfor turisme i eit forsøk til å samla dei til «Bjørnefjorden turisme» etter modell frå «Bjørnafjorden Matkultur».

– Alle som representerer ei oppleving, ein attraksjon eller ein destinasjon i regionen vår er hjerteleg velkomen. Fleire aktørar har meldt om at dei ynskjer å samla næringa, løfta fram turisme i regionen vår, og gjera attraksjonar og opplevingane hos oss meir kjent og lettare tilgjengeleg for tilreisande frå fjern og nær, heiter det i invitasjonen.

Må tenkje stort

Skotheim ser verdien av å samla næringa og legg vekt på at ein må tørre å tenkja stort.

– For turisme må vi tenkje stort, og ser det som viktig å spele saman på tvers av kommunegrensar. Bjørnafjorden regionen inkluderer Os, Fusa, Samnanger og Tysnes, skriv Skotheim som saman med Hans Parnefält i Os Travel vil presentere nokre forslag for korleis ein kan få samarbeidet i gang på eit møte i Oseana på kvelden 13. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.