TV 2: KIL har signert med Moberg
Ser ut til å følgja i Mats Cato sine fotspor.
Det drøya med ny kontrakt i Brann for Vegard Leikvoll Moberg.
No ser det ut som om han har funne seg ein annan klubb.
– Vegard Hansen si første signering som Kongsvinger-trenar er i boks. Kongsvinger har sikra seg ein svært rutinert herremann, opplyser TV 2.
Etter det TV 2 erfarer har Vegard Leikvoll Moberg takka ja til ein toårsavtale med KIL.
KIL landa på 6. plass i OBOS-ligaen i år, slo Sandnes-Ulf, KFUM og Start i kvalifiseringa, men vann berre ein av tomot Sandefjord, som stal opprykket med betre målforskjell samanlagt.
Om opplysingane om kontrakten stemmer, følgjer Vegard Leikvoll Moberg spora etter ein annan osing, Mats Cato Moldskored.
Moldskred var toppskårar då KIL rykte opp til OBOS, men var skadd og måtte stå over cupfinalen.
I 2018 hadde han tilbod om ny konrakt, men valte å gjera sitt tredje comeback i moderklubben Os.
Os-supportarar kan kanskje håpa at også dette blir siste del av karriera til «Lek», men det ligg med andre ord ikkje an til å bli før tidlegast i 2025.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.