Fotball | 14. feb. 2022

Tvillingsøstrer klare for Os

– Vi har kjempa mot desse jentene i årevis.

Tvillingsøstrer klare for Os
Går frå kvit til gul drakt: Henriette (t.v.) og søstera Pernille, her i kamp for Gneist mot Os i haust, ein kamp Os vann 2-1 etter skåring på tampen. (Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. feb. 2022 16:05

Ørjan Sandal har fått to nye spelarar til damelaget.

Tvillingsøstrene Henriette og Pernille Veiteberg Wollan går frå Gneist til Os.

– Mange av spelarane våre har kjempa mot desse to og resten av Gneist i mange år, både i aldersbestemt serie og cupar, som då vi slo Gneist i ein veldig spennande semifinale i Adidas Cup for nokre år sidan, fortel Sandal.

– Det blir nok kjekt for dei som har vakse opp på Nore Neset og Os å endeleg få desse to arge motstandarane som lagvenninner, trur Os-trenaren.

Søstrene Veiteberg Wollan er nemleg, som store delar av Os sitt lag, fødde i 2003.

Sterke og smarte

– Henriette har i utgangspunktet spelt mest forsvar, Pernille har spelt mest sentral midtbane. Men begge kan brukast fleire stadar på banen.

– Dei har elles ganske like eigenskapar, er godt trente, fotballsmarte og slår veldig gode pasningar.

Sandal kjenner også til søstrene frå før. I hovudsak ikkje fordi han var god ven med faren deira i ungdomsåra, eller fordi dei bur i same nabolag og veslesøstera går i klasse med dottera hans.

– Det viktigaste er at eg har trent dei på Camp Mallorca og sett dei i kamp år etter år mot aldersbestemt og senior. Eg kjenner til kor hardtarbeidande og dyktige dei er, og har ønskt ei stund at dei skulle koma til Os.

Over Fanafjellet

I fjor fylte søstrene 18 år, med førarkort har reisa frå Fana til Os blitt enklare.

– Då vi i tillegg rykte opp til 2, divisjon, blei Os meir attraktiv.

Os har frå før fått tilbake Malin Solstrand Ludvigsen og keeper Anne Noss Nordvik.

– Er stallen komplett no?

– Vi har blitt ein god gjeng no. Det er ikkje umogleg at det kjem ein eller annan spelar i tillegg, men der ser allereie veldig bra ut!

Vinterens første treningskamp er om ei god veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.