Fotball | 04. feb. 2022

Anne Noss Nordvik tilbake til Os

Styrkar laget med heimkomen keeper.

Anne i mål då Os spelte 3-3 mot serievinnar Loddefjord i 3. divisjon i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. feb. 2022 15:42

Keeper Anne Noss Nordvik, som fyller 19 i år, er tilbake på Os før seriestart i 2. divisjon.

Anne er frå den gode 2003-årgangen til Nore Neset, som vann KM-finalar, Adidas Cup og tok seg til Norway Cup-finale. Ho har også vore på kretslaget.

Anne når ho tar imot sprudlevatnt frå Morten Døsen etter siger i KM-finale i 2018. (Foto: Wim Hetland)

Anne spelte 11 kampar for Os/Nore Neset sitt seniorlag i 3. divisjon i 2019. Os landa på 5. plass i ny divisjon etter opprykk til 3. divisjon hausten 2018.

– Eg kjenner Anne godt, både frå aldersbestemt fotball og A-laget. Vi er veldig nøgde med at Anne kjem tilbake, og med det å få nok ein keeper i stallen, seier hovudtrenar Ørjan Sandal.

Frå 1 til 3 keeperar

Frå før har Os Anna Kyte Haugland, som sto i mål i alle kampane då Os i haust rykte opp nok ein gong.

– Anna er heldigvis med oss vidare. Ho måtte stå alle kampane i haust, anten ho var frisk eller skadd, men presterte veldig bra i den sterke opprykkssesongen.

– Men det blir godt med nok ein keeper i stallen. I tillegg har talentfulle Maria Hatvik Flister (fødd i 2007) blitt gamal nok til å bidra på seniornivå.

Les ògKurt Monsens minnefond-pris til Maria og Sebastian

God erfaring frå 2. divisjon

I 2020 var Anne med på Os sin treningsleir på Kypros, men blei skadd i ryggen. Ho fekk tre kampar for J19 før ho byrja å trena med Sandviken.

Tilbake på banen i 2021 spelte Nordvik i haust ni kampar for Loddefjord, som rykte opp frå 3. divisjon i 2019.

I førre veke blei det kjent at også Malin Solstrand Ludvigsen er tilbake på Kuventræ.

Ho spelte for Arna-Bjørnar 2 frå 2019.

Malin Solstrand Ludvigsen gler seg til å ta fatt på ein ny sesong på Kuventræ. (Foto: Ørjan Håland)
Les ògVender tilbake til Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.