Sport | 21. feb. 2011

Tyngre løype - betre tid

106 km med pulk: I fjor vann han 11 timar framfor nestemann, i helga betra Thomas Andersen tida si med 5 timar.

Tyngre løype - betre tid
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. feb. 2011 21:34

I mars i fjor gjekk det som truleg var verdas første pulkløp mellom Skinnarbu i Telemark og Garen i Hardanger. Thomas Andersen vann suverent, osingen brukte berre 27 timar på å slepa pulken 110 kilometer.

I helga gjekk årets lange pulkløp av stabelen, denne gong frå Haukelisæter, men framleis med målgang på Garen.

- Løpet var 106 kilometer, litt kortare, men i hardare og meir kupert terreng. I fjor starta vi med å gå i skuterspor på islagt vatn, i år bar det rett til fjells seier Thomas.

Vêret var betre, men føret om lag det same som i fjor, mykje laussnø å slepa pulken gjennom på delar av strekket.

5 timar raskare, men ikkje siger

Trass i vanskelegare forhold betra Andersen tida si med imponerande 5 timar, og kom i mål berre 30 timar (inkludert 8 timar obligatorisk kvil) etter starten torsdag. Men siger blei det ikkje.

- Eg leia frå start og nesten til mål. Men måtte nøya meg med 2. plass.

Thomas kom i mål 8 minutt etter Erlend Gjestrud frå Kongsvinger, 6,5 timar før Svein Loftsgarden frå Rauland og over 21 timar før Sindre Lindstad frå Raufoss.

Lagde slede av pulken

Medan osingen navigerte og brøyta veg med pulken gjennom laussnøen var vinnaren, Gjestrud, meir taktisk.

- Han heldt seg bak og sa etter målgang at han ville brukt fleire timar ekstra om han skulle navigert seg over vidda sjølv.

- Men det var ikkje den største fordelen han hadde, han hadde nemleg montert ski under pulken, noko som gav han langt betre gli enn oss andre. Eg sprang frå han opp alle bakkane, men i nedoverbakkane tok han innpå igjen.

- Då han mot slutten glei forbi fekk eg heller ikkje hjelp av å ligga bak, han lagde berre to skispor, så eg måtte halda fram med å brøyta meg gjennom med pulken.

Andersen er nøgd med eiga tid, men håper arrangørane legg opp til meir rettferdige reglar neste år.

- Elles må eg også montera ski på pulken min. Eg synes det er rart at ikkje hovudsponsoren, Fjellpulken, reagerer på slik modifisering av utstyret, seier Thomas Andersen, som tidlegare har vunne både Vøringsfoss Race, Rett Vest og Hornindal Rundt.

Sjå også xtremeidfjord.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.