Festivalar | 13. juli 2023

Tysnesfest ligg betre an enn i fjor

– Vi gler oss over vêrmeldingane og billettsalet. Men kvar vi landar veit vi enno ikkje.

Tysnesfest ligg betre an enn i fjor
Helene Bøksle på scenen i Kjevikjo i Uggdalseidet i går kveld. (Foto: Tysnesfest/Peter Tubaas)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. juli 2023 07:48

Tysnesfest klarte seg bra med minifestivalar gjennom pandemien, og hadde i fjor ein fin inngang på sin første normale sommar sidan 2019.

2,5 veker før festivalstart såg tala betre ut enn nokon gong, betre billettsal enn både 2019 og rekordåret 2017.

Men med bensinpris på 27 kroner literen, 9 kroner over dagens pris, blei det ein sommar med få båtar på sjøen. Over 100 av 330 som hadde betalt for båtplass i Våge hamn under Tysnesfest, møtte ikkje opp ein gong.

Etter ein solrik junimånad kom det dessutan ein grå, kald vegg.

Vêret var vått og kaldt, det same var langtidsvarselet fram mot festivalen - og vêret under festivalen. Juli var starten på det som skulle bli den våtaste sommaren sidan 1964.

Tala blei raude.

Eit godt publikum torsdag, 4.200 gjestar fredag og 4.800 gjestar på Gjerstad laurdag var ikkje nok.

– Isolert sett er konsertane på Gjerstad med tilhøyrande sal av drikke ei pengemaskin, sa dagleg leiar i Stiftinga Tysnesfest, Øystein Vaage, etter festivalen i fjor.

– Men me bruker pengar på mykje anna. Me har frå start ønskt at Tysnesfest skal vera ein festival for alle, ung og gamal, med ulike interesser.

Eitt eksempel er konserten på Såto. Den kostar rundt 150.000 kroner å gjennomføra og er gratis for publikum.

Satsar vidare med fullt program

Men gjengen på Tysnes satsa vidare, med like fyldig program. I går var det konsert med Helene Bøksle i Kjevikjo i Uggdalseidet, rett nedanfor festivalcampen, i dag er det konsert med Odd Nordstoga på Såto.

OPPDATERT: Konserten på Såto blei rett før klokka 10 torsdag avlyst. Årsaka er siktforhold som hindrar helikopteret frå å frakta utstyr og artist til fjells.

– Programmet er fyldig, men vi har noko strammare budsjett. Me har for eksempel ikkje spandert på oss større, utanlandske artistar. Heldigvis, slik dollarkursen er no, seier Vaage.

Kjente norske namn står likevel i kø:

I kveld står Emma Steinbakken, Astrid S, Gunslingers og TNT på scenen på Gjerstad, fredag er det blant andre Ylvis, Arif og Highasakite sin tur og laurdag, som normalt er den best besøkte dagen, har blant andre Madrugada og Julie Bergan på plakaten.

Utanom konsertprogrammet er det, som før, fleire familiearrangement frå morgon til kveld, matgilde, marknad på ferjekaien, workshop med Latter Event, klovneyoga og dødsing.

Bluescruise med MS Midthordland er utselt til avgang laurdag klokka 14, til cruiset klokka 16.30 er over halvparten av billettane selte.

Kva med billettsalet?

For nokre veker sidan kunne Vaage fortelja at «me ligg betre an enn før, men det sa eg i fjor òg, så eg skal vel vera varsam».

Onsdag kveld sa han dette:

– Det kan framleis gå bra, det kan framleis gå dårleg. Billettsalet torsdag til laurdag avgjer.

– Onsdag i år selte vi dobbelt så mange billettar som onsdagen i fjor.

Festivalen har framleis ledig plass i hamna og på camp. Bubilplassar var utselt, men der fekk dei onsdag kveld rydda plass til 5-6 bilar ekstra.

– Vêrmeldingane er langt betre. Me får sol frå lunsj torsdag, gjennom heile fredag og det ligg an til å bli opphaldsvêr delar av dagen laurdag. Laurdag blir dessutan varm. Når temperaturen er 19 gradar så toler ofte festivalfolk litt regn, seier Vaage, spent på dei neste dagane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.