Sport | 05. aug. 2012

Uavgjort i toppoppgjer

Lysekloster starta haustsesongen betre enn vårsesongen, men måtte klara seg med 2-2 mot tabelltrear Lyngbø.

Uavgjort i toppoppgjer
Lysekloster klarte uavgjort heime mot Lyngbø. Her i oppgjer mot Fusa i fjor (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 05. aug. 2012 08:16

Då Lysekloster møtte Lyngbø til seriestart i 4. divisjon i vår blei det 2-3 tap for Bergenslaget. Laurdag møttest dei to laga til starten på haustsesongen. Igjen blei det ein jamn kamp som til slutt enda med poengdeling.

Lysekloster-Lyngbø 2-2 (1-0)
Målskårarar: Christoffer Robin Larsen og Steffen Vindal
Laget som starta: Ole Kristian Olsen, Frode Bergum Hansen, Steffen Finsådal, Thomas Greispland, Steffen Vindal, Kim Krogsethagen, Christoffer Robin Larsen, Thomas Sandal, Daniel Gall, Øyvind Olsen og Christian Almeland
Spelere som kom inn: Baste Jonassen, Frode Buvik, Torbjørn Birkelund, Morten Sætre og Andreas Fosse

Leia til pause

Kampen bar, ifølgje rapportane, preg av at det var lenge sidan laga hadde spelt kamp.

- Det var meir tempo enn kvalitet. Det store spelet uteblei, men spenninga var der heile tida, rapporterar Lyseklostergjengen på si eiga heimeside.

Lysekloster tok føringa og leia 1-0 til pause. Lyngbø utlignar og tek føringa 2-1 tidleg i andre omgang, men Lysekloster reduserar til 2-2.

- Vi får alle ta ansvar for at det blei for lite snakking og dirigering ute på banen. Skal finspele sitta må vi hjelpe kvarandre gjennom å gje dei nødvendige meldingane.

Lysekloster leiar framleis tabellen.

Ein litt artig sak i laurdagens runde er at alle dei tre oppgjera som blei spelt enda 2-2. Tabelltoar Brann3 gjorde det mot Gneist og Telavåg det mot Loddefjord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.