Lokal | 31. aug. 2011

Uavgjort på gymnaset

Val 2011: Skal ein gå ut frå resultata frå skulevalet på Os Gymnas blir det eit jamnt val.

Uavgjort på gymnaset
Andris Hamreonsdag 31. aug. 2011 09:37

Elevane ved Os gymnas har allereie gjennomført skulevalet. Resultata er klare og visar daudt løp mellom dei to største partia Frp og Ap.

- Eg er veldig nøgd, dette stadfestar magekjensla eg har hatt, seier Lars Atle Skorpen (Ap).

Ordføraren synes også resultatet var positivt.

- Det at vi er største partiet på gymnaset er kjempebra, seier Terje Søviknes (Frp).

Begge partia har ein markant framgang sidan sist skuleval i 2009.

Reflekterte ungdommar

Om lag 79% (199) av elevane ved Os gymnas la sin stemmesedel i boksen ved årets skuleval. Ein framgang på heile 25% frå valet i 2009 kor valdeltakinga var på skarve 52,2%.

- Resultata viser at vi har reflekterte ungdommar som er engasjerte og som bruker masse tid på å setja seg inn i kva dei forskjellige parti står for, trur Skorpen.

- No gjeld det for oss å ta vare på tilliten frå dei unge og skapa endringar for dei unge og unge vaksne, held han fram.

- Har ungdommen med oss

Frp har tradisjonelt stått sterkare på yrkesskulen enn dei har gjort på gymnaset. Ved valet i 2009 fekk dei 13,7%, med koalisjonspartner Høgre som største parti (32,4%).

- Vi har alltid stått sterkare på Os vidaregåande skule. Det at vi no har ungdommane med oss også på gymnaset er godt å sjå, meiner Søviknes.

Han ser fram til å få resultata frå Os vgs. Dei held sitt skuleval tysdag 6. september.

Resultata ved Os Gymnas

Fordelinga frå skulevalet i 2009 i parentes.

Frp - 27,1% (13,7)
Ap - 26,1% (14,4)
V - 14,57% (15,8)
H - 12,1% (32,4)
SV - 6,0% (6,5)
SP - 4,0% (7,2)
MdG - 3,1% (ikkje med i 09)
KrF - 2,5% (2,2)
Raudt - 1,5% (ikkje med i 09)
Andre - 1% (4,9)
Blanke stemmer - 2%

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.