Under kontroll
Brannen på Ulven er kraftig dempa, berre nokre få plassar er det opne flammar.


- Vi fekk hjelp av regnet i natt, brannen har dempa seg kraftig og vi har den no under kontroll, seier brannsjef Stein Gjøsund til midtsiden.no.
- Det er no berre ulming og røyk igjen. Nokre få plassar er det opne flammar, og det er midt inne i området som er gått med i brannen.
- Korleis har innsatsen vore i natt?
- Vi er 100 mann frå dei ulike einingane i sving, i tillegg til administrasjon. Men i natt har vi skifta på det, og hatt rundt 40 mann ute rundt brannen.
- Sidan terrenget er ulent, og glatt av vatnet, har vi stort sett observert og drive lett sløkkearbeid i utkanten av området. HMS har vore prioritert, vi ville ikkje senda folk inn i slikt vått, bratt terreng midt på natta.
Vinden er i no i ferd med å snu, og regn går over til opphaldsvêr.
- No startar vi ettersløkkingsarbeidet, men er førebudd på å driva tyngre sløkkearbeid om det skulle blusse opp nokre stadar, seier Gjøsund.
- Aldri meir dette fjellet
Yngve Eriksen frå Os brannvesen er ein av dei rundt 100 som sto for sløkkearbeidet i går og i natt.
- Eg skulle eigentleg på ein fjelltur med kjærasten min i går, i staden blei det fleire fjellturar med denne gjengen. Det er ikkje mange år sidan sist det brann i dette fjellet, og då sa eg at eg aldri meir skulle opp igjen. Det er eit vanskeleg terreng, veldig kupert og med mykje vegetasjon, fortel han.
I går og i natt gjekk han og trampa på flammar i Ulvenfjellet.
- Vi blei plassert på toppen og gjekk og trakka på lyng. Men då vi trampa ein plass byrja det å brenna rett ved sida av. Det var ein tung jobb.
Ingen feiing
Svein Rune Frantzen har selt båten sin, og hadde avtale om overlevering i går klokka 16.
- Eg måtte få dottera mi til å levera nøklane, så får vi håpa at det går fint med kjøparen og båten, seier Frantzen.
Han sto på til rundt klokka to i natt, og er no klar for ny økt.
- I dag tidleg måtte vi ringa til alle som eigentleg skulle ha feiing i dag. Dei fleste hadde allereie forstått at den blei avlyst.