Lokal | 22. aug. 2019

Ung gut drakk alkohol og prøvde dødsing

Blei eskortert til legevakt av politiet.

Ung gut drakk alkohol og prøvde dødsing
Guten hamna på legevakt etter forsøk på dødsing frå 5 meter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. aug. 2019 07:13

Onsdag i 21-tida blei politiet oppringt frå ei fortvila mor som fortalte at sonen var skadd etter forsøk på dødsing (stup der det skal sjå ut som om det går gale, med landing i mageplask, men det skal etter boka ikkje gå gale).

– Guten, som er i ungdomsskulealder, skal ha drukke cognac i forkant, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Han skal ha stupt frå 5 meters høgde, men det er ikkje notert kvar dette skjedde.

Kvifor mora ringte politiet, er uklart, men vedkomande skal ha blitt eskortert med blålys til legevakta på Moberg. Politiet kjenner ikkje til skadeomfanget.

Avskilta bil

Patruljen kom i går òg over ein parkert bil som var begjært avskilta grunna manglande EU-godkjenning.

Bilen blei avskilta og det blei lagt informasjon om årsak på frontruta på bilen.

Politiet møtte òg ein bil som skulle vore omregistrert. Bileigar har nylegkjøpt bilen, men fekk beskjed om å få fortgang i papirarbeidet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.