Lokal | 15. apr. 2017

Ung mann låg strak ut

Ein mann blei henta med ambulanse i Os sentrum fredag kveld.

Ung mann låg strak ut
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. apr. 2017 07:04

Påsken har så langt vore roleg i Os, med få oppdrag for politiet.

Sånn blei det langfredag òg.

– Vi hadde ein liten sak klokka 22.30, der ein ung mann var svært full og låg strak ut på bakken i Os sentrum, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Mannen, som er knappe 20 år, blei henta med ambulanse.

– Elles hadde vi berre nokre småting i trafikken, der patruljen stoppa bilistar og gav enkelte muntlege pålegg om utbetring av tekniske manglar.

– Nokre bilførarar blei sjekka for promille, alle var edru, opplyser politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.