Ung spelar får ros etter siger i serieopning i ny divisjon
U16- og U17-gutane har starta hausten med to sigrar kvar. Det nyopprykka herrelaget sikra òg full pott.


I juni stilte presidenten i Norges Basketballforbund, Jan Hendrik Parmann, på sesongavsluttingsfest i Os Basketballklubb.
Klubben veks, gjer det godt sportsleg, har starta nytt kvinnelag og held open hall kvar fredag for at flest mogleg skal få prøva basketball. Og for at ungdom skal ha ein plass å vera.
No er ny sesong i gang. Herrelaget, som i vår rykte opp for andre år på rad, var tilbake i 3. divisjon med serieopning 28. september.
Det sto 14-14 til pause, men Os vann til slutt 62-44 over Hop.
– Forsvarsarbeidet blei avgjerande. Unge Christos Vrettakos (17 år) fortener ros etter prestasjonane sine. Saman med vår mest erfarne spelar, Edgaras Pakalniskis, var han veldig viktig for oss, skryter spelar og formann i klubben, Andrew El Ghafary.
– Christos er ein talentfull spelar som har utvikla seg mykje. Han har gått frå å vera med herrelaget litt her og der, til å bli ein viktig spelar for seniorane.
Noah Jakobsen utmerkte seg òg. Han blei toppskårar for Os i kampen.

Os speler dei to neste kampane borte mot Førde og heime mot Loddefjord (16. november).
- Tabell på kamper.basket.no
Også fleire av ungdomslaga har starta hausten bra. Dei to eldste gutelaga toppar kvar sin tabell etter to rundar.
U17 har spelt to og vunne begge, 87-44 heime over Bønes og 68-41 borte over Kirkevoll.
- Tabell på kamper.basket.no
U16 har òg vunne sine to første, 89-51 borte over Askøy og 89-23 heime over Sotra.
- Tabell på kamper.basket.no

Det nye kvinnelaget har spelt to kampar, heime mot Stavanger og borte mot Frøya B.
Det har foreløpig ikkje blitt siger.
– Damene har spelt veldig fint, og kjem nok snart til å ta poeng dei òg. Dei har mangla nokre av dei meir erfarne spelarane no i starten, så det blir kjekt å følgja dei vidare, seier Andrew.
Neste kamp går heime mot Fana søndag 19. oktober.
- Tabell på kamper.basket.no

Os Basketballklubb utvikler ikkje berre spelarar, dei har òg fått kursa nokre dommarar.
– Vi har seks ungdommar som dømmer Easy Basket-kampar i Os og Bergen, to jenter og fire gutar.
– Det er kjekt for klubben at vi òg kan bidra til kampavvikling i regionen, synest formannen.






