Lokal | 14. nov. 2019

Ungar skremt av pågåande mann

– Det er ikkje første gong. Eg gav han beskjed om å halda seg vekke frå framande ungar, seier far til ein av dei.

Ungar skremt av pågåande mann
Tidlegare blei elevar i barne- og ungdomsskulealder henta på grusplassen, no må fleire til Os terminal for å koma seg heim. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. nov. 2019 07:25

Onsdag etter endt skuletid blei ein far oppringt av dottera på 9 år. Ho og fleire av venane hennar hadde løpt frå Os terminal i frykt for ein eldre, utanlandsk mann.

– Han skal ha spurd mange spørsmål, blant anna om kven dei var og kvar dei skulle, og prøvd å sjå på mobilskjermane deira mens dei var på telefonen.

I går var dei tre jenter og to gutar saman. Dei sprang saman frå terminalen.

– Kva som har skremt ungane veit eg ikkje, men eitt eller anna med måten han var på har gjort at dei syntest det var ubehageleg. Det skal uansett ikkje vera sånn at barneskuleelevar ikkje får stå i fred på terminalen når dei skal ta bussen heim frå skulen.

– Eg og kona var tilfeldigvis i nærområdet, så eg gjekk bort og spurde kva han hadde sagt til ungane, og at eg ikkje synest det er greit at dei blir skremte frå å ta bussen heim frå skulen.

Ikkje første gong

Faren til jenta skildrar vedkomande som ein engelsktalande mann i 50-60-årsalderen.

– Sist dei møtte han skal han ha tatt tyggis frå ein av ungane.

Naboen til faren har tidlegare i haust kontakta politiet etter at deira ungar opplevde to andre, yngre menn som ubehagelege.

– Det var greiare før, då skulebussane henta elevane oppe på grusplassen. No må dei ned til terminalen i sentrum, og der møter dei fleire typar folk.

Ber andre vaksne følgja med

Også episoden i går er varsla til politiet.

– Eg håper dei følgjer litt med, det har jo vore andre saker om terminalen tidlegare i haust.

• Les òg: Var vitne til mogleg narkosal til ungar

– Og så ønskjer eg å oppmoda andre vaksne som er på terminalen om å sjå seg litt rundt, og å hjelpa til om det ser ut som om ungar ikkje har det bra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.