Politi | 18. okt. 2022

Ungdom tatt med hasj

Innrømde for politiet at han hadde hasj på seg.

Ungdom tatt med hasj
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveitirsdag 18. okt. 2022 08:25

Rundt 18.30 måndag kveld møtte ein patruljebil fleire ungdommer like utanfor Os sentrum.

Ein av ungdommane, ein gut på 17 år, innrømde for politiet at han hadde hasj på seg.

Hasjen blei beslaglagt og det er oppretta sak.

– Fleire av ungdommane er kjenningar av politiet, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Førarkortbeslag etter kollisjon på Ulvenvegen

Klokka 11.43 i går var det ein samanstøyt mellom to personbilar på Ulvenvegen, ved fotgjengarfeltet nær Spar-butikken. Førarane var åleine i kvar sin bil.

Trafikkuhellet var ein påkøyrsel bakfrå.

Den eine av dei to involverte bilane står igjen ved fotgjengarfeltet. Minst to arbagar er utløyste, men ingen er skadde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògKollisjon på Ulvenvegen

– Sjåføren som køyrde på bakfrå var ein mann i 40-åra. Han fekk førerkortet beslaglagt og samtykka til dette, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Begge bilførarane bles til null i promille.

Ingen personar blei skadde, men det var materielle skadar på køyretøya. Det blei oppretta sak.

Vegen opna igjen for normal trafikk klokka 13.19.

Mista all drivkraft

Klokka 20.05 måndag kveld mottok politiet ei melding om at ein bil hadde stoppa i Mobergsbakken.

Køyretøyet hadde mista all drivkraft.

Politiet dirigerte trafikken ei stund. Så blei bilen trilla ned til Vognhallen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Politiet dirigerte trafikken ei stund. Så blei bilen trilla ned til Vognhallen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bilen blei dytta inn til siden, og trafikken gjekk som normalt igjen.

Eigaren av bilen ventet på Viking for tauing av bil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.