Politi | 23. juni 2022

Ungdomar mistenkte for hærverk på bygg og bil

Politiet ber om tips.

Ungdomar mistenkte for hærverk på bygg og bil
Bjørnafjorden politistasjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. juni 2022 08:15

I 01.40-tida natt til torsdag fekk politiet melding om skadeverk.

– Fleire ungdomar skal ha kasta ting på bygningar. Dei skal også ha gjort skadeverk på ein bil, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Episoden fann stad nord for Os sentrum, nær rundkøyringa mellom Byvegen og Industrivegen.

Patrulje frå Bergen var på plass først 45 minutt seinare. Dei søkte i området utan å møta nokon som passa skildringane.

– Vi ønskjer opplysingar frå fleire vitne, seier Lyssand.

Torsdag morgon blei ein båt funnen. Det viste seg at dette er den same som den som blei meldt stolen måndag kveld.

– Ein lykkeleg eigar er varsla. Båten har truleg slite seg frå fortøyinga.

Ein liknande båt blei meldt stolen måndag kveld. I dag blei denne funnen i ei fjøre. (Foto: Eilif Harbitz-Rasmussen, HR-Bryggen/Vestlandsbryggen)
Les ògBåt funnen i fjøre

Torsdag i 18.30-tida hadde UP fartskontroll på Søre Neset. Det førte ikkje til reaksjonar.

Seinare hadde dei kontroll på E39 ved Storestraumen og Hjellemarka. Der kontrollerte dei 64 trafikantar for promille og annan rus, ingen av desse gav utslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.