Lokal | 11. apr. 2013

Unge støttar unge

Kommunen startar møteplass for barn og unge som er råka av kreft i familien. – Det å få snakka og vera med andre i same situasjon kan vera godt, sier Sigbjørg Eriksson.

Unge støttar unge
Sigbjørg Eriksson og Birgit Holsen i Os kommune startar opp møteplass for unge med kreftsjukdom i familien 22. april på Luranetunet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 11. apr. 2013 14:13

Os kommune tilsette før jul Sigbjørg Eriksson som kreftkoordinator i ei 50% stilling delvis finansiert med midlar frå Kreftforeninga. No inviterer ho barn og unge i alderen 6 til 16 år til "Treffpunkt" ein måndag i månaden, med oppstart 22. april.

– Barn og unge som blir råka av kreft i familien blir brått vaksne.

– Med treffpunkt ønskjer vi å skapa ein møteplass kor dei kan få prata med andre i same sitasjon som seg sjølv og ha det kjekt saman gjennom leik og aktivitetar, fortel Sigbjørg Eriksson, kreftkoordinator i Os kommune.

Ein av tre

Treffpunkt er eit velprøvd konsept som Kreftforeninga arrangerar ei rekkje plassar i landet. Møteplassen i Os blir den tredje i regionen ved sidan av Bergen og Førde.

– Vi er tre fagfolk og tre frivillige som vil vera saman med ungane desse kveldane.

– Opplegget er ein sekvens kor vi pratar saman og kor ungane får dela sine opplevingar og spørsmål.

– Det å få snakka med andre som veit korleis du har det har vist seg å vera nyttig og godt i ein vanskeleg situasjon, forklarar Eriksson.

Ikkje berre prat

Samlinga er gjerne delt i to bolkar kor den andre delen handlar om å ha det kjekt saman.

– Då leiker vi, har aktivitetar og lagar mat saman.

– No den første gongen skal deltakarane laga pizza til seg sjølv og kvarandre.

Møteplassen er lagt til kantina på Luranetunet, kor det både er plass og rom for aktivitetar og matlaging.

Ungane skal få styra

Eriksson fortel at ho og dei andre vaksne som skal vera med på opplegget har lagt opp planane fram mot sommaren.

– Etterkvart som vi kjem i gang er planen at deltakarane sjølve skal få vera med å påverka innhaldet.

– Kva vi snakkar om, kva reglar vi skal ha i gruppa og til ein viss grad kva aktivitetar vi skal gjera skal dei få lov til å bestemme, smiler kreftkoordinatoren.

Treng ikkje møta kvar gong

For å melda seg på gruppa kontaktar ein Sigbjørg Eriksson på kommunen.

– Det er mykje for at vi skal kunne førebu kvar samling på ein god måte, mellom anna med tanke på innkjøp av mat og liknande.

– Sjølv om ein melder seg på gruppa er ein ikkje forplikta å kome kvar gong, men eg vil gjerne ha beskjed om dei ikkje kjem.

67% blir friske

I 2010 var det 85 nye krefttilfeller i Os. 600 personer lever med ein kreftdiagnose.

– Norge ligg veldig langt framme i kreftbehandling og forsking på området.

– I Os er vi heldige som ligg så nære Haukeland. Eg har jobba der i 17 år og er imponert over kor dyktige dei er der nede.

– Statestikken syner at 67% av dei som får kreft blir friske igjen etter behandling, avsluttar Eriksson.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.