Kultur | 08. okt. 2018

Unikt, Bjørnafjorden!

Det endå større Bjørnafjordmåltidet gjekk av stabelen på laurdag. Større og meir komplekst enn i fjor, men med same mål; bygga identitet gjennom mat.

Unikt, Bjørnafjorden!
Lærar Ottar Bang og elevane frå kokkelinja ved Fusa vgs hausta lovord under laurdagens arrangement i Oseana. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 08. okt. 2018 10:38

Bildeserie:

Mat allereie på trappa. (Foto: KOG)
Mat allereie på trappa. (Foto: KOG)
(Foto: KOG)
(Foto: KOG)
Van Gogh spesial vert førebudd. (Foto: KOG)
Van Gogh spesial vert førebudd. (Foto: KOG)
Mykje som vera på plass når ein inviterer 270 menneske på middag. (Foto: KOG)
Mykje som vera på plass når ein inviterer 270 menneske på middag. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Tett på maten og leverandørane i Griegsamlinga. (Foto: KOG)
Tett på maten og leverandørane i Griegsamlinga. (Foto: KOG)
Østers krev litt mot og overtaling. (Foto: KOG)
Østers krev litt mot og overtaling. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Evas Mat med smaksprøver på økologisk vin og varma oliven. (Foto: KOG)
Evas Mat med smaksprøver på økologisk vin og varma oliven. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Rettane vart førebudd på scenen. (Foto: KOG)
Rettane vart førebudd på scenen. (Foto: KOG)
Klar, ferdig, et! (Foto: KOG)
Klar, ferdig, et! (Foto: KOG)
Næringssjef Daniel Skotheim ønskte velkomen. (Foto: KOG)
Næringssjef Daniel Skotheim ønskte velkomen. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Teknologi og mat hand i hand. (Foto: KOG)
Teknologi og mat hand i hand. (Foto: KOG)
Inngåande presentasjon av villhjort frå Tønnegarden i Fusa. (Foto: KOG)
Inngåande presentasjon av villhjort frå Tønnegarden i Fusa. (Foto: KOG)
Gunnar Nagell Dahl og Torstein Hatlevik. (Foto: KOG)
Gunnar Nagell Dahl og Torstein Hatlevik. (Foto: KOG)
Ku-låret frå Tysnes hadde allereie vore grilla i 30 timar. (Foto: KOG)
Ku-låret frå Tysnes hadde allereie vore grilla i 30 timar. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Ferdig på tallerkenen. (Foto: KOG)
Ferdig på tallerkenen. (Foto: KOG)
Bente Getz frå Samnanger greidde ut om ost. (Foto: KOG)
Bente Getz frå Samnanger greidde ut om ost. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Os Rosa til dessert. (Foto: KOG)
Os Rosa til dessert. (Foto: KOG)
Takk for i kveld til ståande applaus. (Foto: KOG)
Takk for i kveld til ståande applaus. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Det endå større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: KOG)
Absint? (Foto: KOG)
Absint? (Foto: KOG)
1 av 26

Dei 270 billettane vart selte på knappe 4 dagar, og ikkje sidan Idol-finalen til Eirik Søfteland har det vore tilsvarande rift om billettar på sosiale media i Os.

Arrangørane hadde ikkje vore enkle med seg sjølve heller; å leggja lista høgt allereie i namnet sa noko om kva ein kunne forventa seg.

Og stort vart det.

Øyrelaus oppleving frå første stund

Allereie på trappa vart gjestane bydd på ein «Ein kraftig hyllest til strilen og ein heilt spesiell osing» i form av «nesle og honning på Kraftshåtten, med egg på Biggen».

Etter denne noko rett-i-andletet-velkomsten var det mange som humra og skotta lett på naboen då velkomsdrinken synte seg å vera absint. At den måtte heita «Van Gogh spesial (pass på øyret)» var jo ein selvfølge. At alle kokkane openbert hadde smakt på absinten kan ein lesa meir om lengre ned i saka.

Matfest i heile huset

Etter ei stund med mingel i foajeen i Oseana Kunst & Kultursenter, vart alle gjestane inviterte med ned i Griegsamlinga. Uventa vending for dei som visste at det var storsalen som skulle fungera som restaurant i år, og truleg endå meir overraskande for dei som var med i fjor; det var jo ikkje rigga til eit einaste bord!

Nei, her skulle ein få koma nært på leverandørane via smak og prat.

Det var sete av ein god time til denne delen av arrangementet, og på den tida kunne du mellom anna prøva følgjande:

• Soppomelett, lam rett frå fjellet og lammerull med steinsopp frå Garden på Bø, Bøkampen utegangarlam og Tina Bøe Buer

• Handlaga lammepølser med sylta raudløk og potetlefser. Pølsene og potetene kom frå Garden på Dalland og potetlefsa var laga av Bjørnefjorden Gjestetun (no Bjørnafjorden Hotell)

• Eplegelé m/rosmarin og gultot/ bringebærsyltetøy på ost frå Bente. Bentes ostepai, laga berre på eigne oster. Frå Monsatufto og Bente Getz

• TacOs, rugbrød med smøreost frå Bente og hjortespekepølse frå Tønnegarden, rugbrød med heimelaga pesto frå Tønnegarden og egg frå Bø, rauddravle i tillegg til lefser med smørkrem. Alt frå Tønnegarden og Os Kolonial

• Smaksprøvar på økologisk vin frå Catalonia og nokre oliven frå Kypros. Frå Evas Mat

• Brent brokkolistilk med kråkebolle frå det Det Naturlege Kjøkken

• Østers frå Solstrand

Teknologi og handverk hand i hand

Etter ein lett trim opp trappa og vidare inn i storsalen, var det klart for bordsete. No skulle Bjørnafjorden smakast på!

Avtroppande næringssjef i Os kommune, og styreleiar i Bjørnefjorden Matkultur, Daniel Skotheim stod for velkomsthelsinga, og så gjekk det slag i slag.

Det heile var smart organisert med eigen scene kor kvart måltid vart lagt opp slik at publikum fekk sjå tilrettinga.

Kvar rett hadde samstundes sin eigen introduksjon kor leverandør og kokk saman presenterte retten.

Ekstra smart var det at arrangørane hadde hyra inn eit videoteam som fylgde arrangementet tett på kvar tid. Kor flott er det ikkje å få sjå tilrettinga på storskjerm?!

Null etikette og laus humor

Torstein Hatlevik frå Haaheim Gaard var kveldens konferansier, og om ikkje absinten tidlegare hadde fått folk til å løsna opp, så var hans vitsar og anekdotar nok til å få folk til å le på seg hikke.

Sjefskokk Gunnar Nagell Dahl hausta dessutan stor applaus då han snakka om vin og etikette;

– Mange her inne vil sikkert meina mykje om kva vinar vi har, og korleis vi gjer det i kveld, men i kveld må vi vera einige om å gløyma all etikette!

– Og hugs å ta vare på bestikket undervegs, kom det frå Hatlevik. Vi har ikkje nok bestikk til alle rettane, så det vert rart for dykk om de etterkvart må låna av sidemannen.

Takk for maten!

Knappe 6 timar seinare var det heile over.

Kokkar, leverandørar og servitørar hausta ståande applaus frå publikum før 270 mette magar gjekk vidare ut i natta.

På veg ut av Oseana var det ei setning som gjekk att; «dette var bra!»

Dagen derpå

– No skal eg innrømma at eg nett har ete ein Esso-burger, fortel Daniel Skotheim når Midtsiden ringer han opp på søndagen. La oss seia at det er ein måte å avreagera på.

– Kva tenkjer du no, Skotheim? Aldri igjen?

– Nei, dette kan ikkje stoppa no. Vi må seia oss godt nøgde med «Det endå større Bjørnefjordmåltidet», dette er for viktig til at det skal enda her og no.

På spørsmål om kva han er mest nøgd med, er Skotheim klar i sin tale:

– Vi lukkast med å utvikla oss frå arrangementet i fjor, vi gjennomførde det vi planla, og vi lukkast i å la publikum få koma tett på maten. I tillegg tykkjer eg det var ein fryd å sjå leverandør og kokk stå side om side når rettane vart førebudde. Det er heilt unikt!

– Vi kjem uansett til å setja oss ned alle saman og evaluera årets måltid, og saman vil vi avgjerda om det vert ein ny runde til neste år, seier Skotheim.

19.000 skritt og 1,4 mil

Sjefskokk og matlegende Gunnar Nagell Dahl deler næringssjefens betraktningar etter laurdagens maraton;

– Eg er utruleg nøgd med at vi klarte å gjennomføra på den måten vi gjorde. Det heile glei utruleg godt.

– Vi hadde ein plan om at vi skulle vera ferdige frå scenen klokka 23.50, og klokka 23.52 leverte eg inn den trådlause mikrofonen til lydmannen.

– Eg gjekk drygt 19.000 skritt og 1,4 mil på laurdag, det berre inne i Oseana, men eg har ikkje vondt ein ein einaste stad, fortel Nagell Dahl. Ein får berre meir energi av å vera med på noko slikt.

– Dei gode førebuingane, med Silja Døsen Moberg og Eirik Grimstad i spissen for logistikk, gjorde at dette glei bortimot saumlaust. Vi vart verkeleg eit team med fantastiske folk, som alle skjønar kva det går i.

Nagell Dahl vil spesielt trekkja fram elevane frå Fusa vgs som ein viktig del av suksessen, og han vil samstundes honorera Oseana for å leggja så godt til rette for eit arrangement av denne storleiken.

– Eg er eigentleg mest stolt, fortel Nagell Dahl vidare: Stolt over kva vi saman skapar, stolt over måten vi knyt lokale råvarer, produsentar og mateglede saman.

– Dette er heilt unikt i denne skalaen, og kan ikkje hugsa å opplevd noko som ein gong liknar i alle mine år i bransjen!

Kjekke fakta

• Ikkje mindre enn 19 kokkar var med i laurdagens kokkelag, og i tilegg hadde Siv Bergtun Tombre og Ottar Bang frå Fusa vidaregåande skule med seg 15 av sine elevar frå kokkelinja.

• Det vart servert om lag 260 kilo med mat fordelt på 270 gjestar.

• Ku-låret frå Dalland Gard på Tysnes vart grilla, og overvaka i 30 timar.

• 20 leverandørar leverte råvarer og produkt til arrangementet

• Totalt vart det servert i overkant 25 rettar

Menyen i Oseanasalen såg slik ut:

• Granita ganerens. Bareksten Gin og tonic med agurkjuice og agurkurt.

• Beinmargssmør, med smør frå Samnanger

• Gravet lange frå Bjørnafjorden. Gulrot og purre frå Hegglandsdalen

• Potet og sellerisuppe. Garnert med lammepølse og ramslauk olje

• Den siste jomfu. Jomfrusild, purreaske, rotpurè, sylta lauk, rugsprøtt og urter

• Den forunderlege gulrot frå Bjørnefjorden

• The return of Terje. Hummer frå Lysefjorden

• Sjøkreps frå Bjørnafjorden. Råmarinert i sjøvatn og syre, garnert med lokale eple og fennikel

• Sørafrikansk sosiates (kebabs) med kylling frå Nordheimsund. Yoghurt marinert, på grilla flatbrød og labneh

• Villhjort frå Tønnegarden i Fusa. Servert med lokal KImchi, persillerotpurè og sylta sopp

• Lam frå Bøkampen. Servert med med øl frå Bjørnafjorden Bryggeri

• Heilsteikt kulår frå Dalland Gard. Grønkål frå Bente, glasert kålrabi frå Haaheim Gard og sjysaus

• Os Rosa. Kombucha på blåbærlyng frå Moberg, rødbet frå Hålandsdalen og bringebær frå Lysefjorden

• Rå eplekake. Tørka plomme og nøtter. Epler garnert med honning - og stikkelsbærpurè toppa med karamell

Målaren Vincent van Gogh skal visstnok ha skore av seg det eine øyret etter å ha vore vel glad i absint. Difor gjekk alle kokkane rundt med bandasje på eine øyre under laurdagens «Det endå større Bjørnafjordmåltidet».

Om det vert «Det gigantiske Bjørnefjordmåltidet», eller «Det latterleg store Bjørnefjordmåltidet» neste gong vil tida visa. Éin ting er sikkert; dette er heilt unikt identitetsskapande!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.