Lysekloster hadde overtaket, men det kom ikkje fleire mål etter 2-1-skåringa og utvisinga i 29. minutt. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Unødvendig spennande mot 10 mann

Lysekloster hadde kontroll på det meste, men annulert mål i 75. minutt gjorde innspurten hektisk.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Strømsgodset 2 låg med 13 poeng, Lysekloster med 10 før 8. serierunde. Kampen skulle blitt spelt laurdag som var, men gjestane sat på flyet som laurdag fekk tekniske problem og måtte returnera til Gardermoen.

– Spelarane våre var på veg til banen då vi fekk meldinga. Vi tok ei treningsøkt i staden. Det gjekk fint for oss å flytta til onsdag, sidan kampen til helga går søndag, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster tapte tre av dei fire første rundane i vår, men så blei det siger over Fjøra og Stord. Etter 0-2-tap borte for Vard Haugesund var dei i går på vinnarsporet igjen.

Lysekloster - Strømsgodset 2 2-1 (2-1)
Målskårarar, Lysekloster: Even Vetås og Simen Næss 

Gjestane gjekk opp i leiinga i 14. minutt, Lysekloster utlikna i 26. minutt og tok leiinga i 29. minutt.

Ein duell før 2-1-skåringa førte til at Mustapha Fofana på Strømsgodset fekk raudt kort.

– 3-1-målet skulle vore godkjent

Ruben er nøgd med sjanseproduksjonen, og at mykje av det laget øver på fungerer stadig betre i kamp.

– Særleg offensivt var vi gode i går, men eg synest at vi burde ha skåra fleire mål.

I 75. minutt jubla Lysekloster for 3-1-skåring, men målet blei annulert.

– Ein av motstandarane gjekk til linjedommar for å seia at ballen som målskårar fekk servert kom frå ein Lysekloster-spelar som var offside. Det var nok til at hovuddommar gjorde om på det og annulerte skåringa.

– Våre videoopptak viser at om ballen kom frå han dei hevda, så var han 2,5 meter onside. Hadde vi fått godkjent denne skåringa så trur eg vi hadde våga endå meir og skåra fleire mål på tampen. I staden blei det ein unødvendig heseblesande innspurt.

Lysekloster speler også neste kamp på heimebane, den går mot Bergen Nord søndag.

Bergen Nord, som rykte opp frå Os si naboavdeling i fjor, har berre tatt 4 poeng på 8 kampar.

Terminliste og tabell på fotball.no

Fleire saker