Lokal | 09. feb. 2016

Uredd ubåt i Bjørnafjorden

Det er inga grunn til uro. Ubåten KNM Uredd vitjar Os på rutinemessig oppdrag. Neste veke kan det bli meir aktivitet i fjorden.

KNM Uredd er på rutinemessig seglas i Bjørnafjorden (lesarbilete: Elisabeth Skoglund)
Andris Hamretirsdag 09. feb. 2016 11:54

Bildeserie:

Og mannskap entra ubåten (lesarbilete: Elisabeth Skoglund)
Ubåten segla mellomanna mellom Solstrand og Sandholmane (foto: AH)
Slepefartøyet KNM Mjølner øvar saman med KNM Uredd (lesarbilete: Elisabeth Skoglund)
Lettbåten tok ein tur inn til gjestebrygga (lesarbilete: Elisabeth Skoglund)
Før den returnerte til ubåten (lesarbilete: Elisabeth Skoglund)
Og mannskap entra ubåten (lesarbilete: Elisabeth Skoglund)
Ubåten segla mellomanna mellom Solstrand og Sandholmane (foto: AH)
1 av 5
Ubåten segla mellomanna mellom Solstrand og Sandholmane (foto: AH)
Slepefartøyet KNM Mjølner øvar saman med KNM Uredd (lesarbilete: Elisabeth Skoglund)
Lettbåten tok ein tur inn til gjestebrygga  (lesarbilete: Elisabeth Skoglund)
Før den returnerte til ubåten (lesarbilete: Elisabeth Skoglund)
Og mannskap entra ubåten (lesarbilete: Elisabeth Skoglund)

Måndag ettermiddag observerte fleire osingar ein ubåt som sigla i Bjørnafjorden mellom Solstrand, Sandholmane og Os hamn.

Tysdag førmiddag fekk Midtsiden tilsend desse bileta av ein av våre lesarar. Ein telefon til Sjøforsvaret gjorde at vi raskt fekk brakt på det reine kva som gjekk føre seg.

Det er ingan grunn til å uroa seg.

– Det stemmer det. Det er ein av våre båtar, KNM Uredd, som lesarane dine har observert, fortel kapteinløytnant Thomas Gjesdal, presse- og informasjonsoffiser i Sjøforsvaret.

Ein av seks i Ula-klassen

KNM Uredd har selskap av slepefartøyet KNM Mjølner.

– KNM Uredd er ein av dei seks ubåtane vi har i Ula-klassen. Den er på regelmessig seilas i Bjørnafjorden for trening og øving.

– Kor lenge dei vil vera i Bjørnafjorden no har eg ikkje oversikt over, seier Gjesdal.

Gjesdal fortel at det kan bli fleire båtar å observera i veka som kjem.

– Det nærmar seg ei øving i Bergen kommande helg og neste veke. Det kan godt vera at lesarane dine observerar fleire båtar, også utenlandske fartøy som seglar forbi. Dei skal alle vera med i øvinga, avsluttar presse- og informasjonsoffiseren.

Dette er Ula-klassen

Ulaklassa gjer det mogleg for Sjøforsvaret å operere i heile det maritime domenet. Fartøya kan operere skjult under vassoverflata over lengre tidsperiodar.

Ubåtar er vanskelege å oppdage og er utan tvil Sjøforsvarets mest avskrekkande kampsystem – sett frå ståstaden til potensielle fiendar.

Sjøforsvaret har i dag seks ubåtar. Dei blir no oppdaterte med moderne utstyr for å kunne operere meir effektivt.

  • Dimensjoner: 59 meter (lengde) – 5,4 meter (bredde) – 4,6 meter (dybde)
  • Deplasement: 1040 tonn (overflate) – 1150 tonn (neddykket)
  • Besetning: 21+
  • Fart: 10 knop (overflate) – 20+ knop (neddykket)

Kjelde: forsvaret.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.