Lokal | 23. jan. 2012

Urinering, støy og funn av bag

Innbrot, trafikuhell, mann med lighter og tissetrengt festløve var blant det politiet tok hand om i helga.

Urinering, støy og funn av bag
Politi ved Bar2Be. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 23. jan. 2012 09:02

I helga har det blant anna vore traikkuhell på Halhjemsvegen og i Storumsbakken, og innbrot og innbrotsforsøk ved Os skule og Os ungdomsskule.

Men politiet har også fått melding om mistenkeleg åtferd.

– Natt til laurdag fekk vi melding om ein som selte alarmar på Haugsneset og om ein bilist mistenkt for promillekjøring, fortalte Audun Hadler-Olsen laurdag morgon.

• Alarmseljaren var ekte og bilisten blei stoppa i Fana og var edru.

• I helga fekk politiet også klage på høg musikk i Lysefjorden. Politiet ringte huseigar som dempa musikken.

• Laurdag kveld blei ein mann i 40-åra tatt for urinering utanfor Bar2Be. Vedkomande kan venta seg 4000 kroner i bot.

• Natt til måndag fekk politiet melding om at det gjekk ein mann og virra rundt Amfisenteret, og at han fikla med ein lighter. Vedkomande, ein kjenning, blei henta av politiet og "avlevert".

• Måndag blei det funnen ein bag i Varåsen. Bagen er tatt inn til Os lensmannskontor som hittegods.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.