Uroa for barnevernet
Kommunalsjefen uroa over lav bemanning og økonomien i barnevernet. Rekneskapet for 2014 blei berga av vakante stillingar.
Tiltak utanfor familien gjekk i 2014 to millionar kroner i minus, og ligg ann til det same i 2015.
– Økonomisk gjekk vi i balanse i rekneskapen i 2014, men det skuldast at fleire vakante stillingar, fortalte barnevernsleiar Merethe Jacobsen til tenesteutvalet onsdag.
I samband med at tenesteutvalet også fekk ei orientering om 1. tertialrapporten flagga kommunalsjef Line Rye at barnevernet var det einaste området ho no var uroa for.
– Bemanninga i barnevernet er for låg, konkluderte kommunalsjefen.
– Så det at dei gjekk i balanse ser bra ut i rekneskapen, men situasjonen er ikkje bra i verkelegheiten, kommenterte Anders Hjelle (TvS), som fekk stadfestande nikk frå Rye.
Sju slutta
Jacobsen fortalte at dei i 2014 hadde opplevd ein stor turnover med heile 7 medarbeidarar som slutta.
– Det skuldast forskjellige grunner, nokre gjekk av med pensjon, nokre ut i svangerskapspermisjon og andre fekk seg ny jobb.
– At sju stykker slutter er veldig masse på eit så lite kontor. I tre fire månader var vi tre fire sakshandsamarar for lite og måtte jobba mykje med miljøet internt.
– Det arbeidet har ført fram, vi ser det på trivselen. Korttidsfråværet var i ei periode oppe i 14 %, no er det nede i 6-7 %.
– Eg skal ikkje legga skjul på at det var ei tøff periode, fortalde barnevernsjefen.
Har snudd
Personalsituasjonen for 2015 har betra seg betrakteleg, men samstundes er kontoret i Os blant dei med lågast bemanning.
– Vi har rett nok fire som skal ut i svangerskapspermisjon, men alle dei vikariata er besatt.
– No rettar vi fokuset mot fagleg utvikling, fristene og utgreiingar.
Frå elleve til nokon og tredve
Ei analyse av barnevernstenasta samenlikna med andre barnevernstenester syner mellomanna at kontoret har låg bemanning, låge utgifter per barn, ei stor auke i talet på fosterbarn, stor henleggelsesprosent etter endt undersøking og få barn med tiltak i familien.
– Vi brukar omlag 74 000 kroner per barn med tiltak i familien. Til samanlikning bruker den kommuna som bruker mest i eit effektiviseringsnettverk vi er med i 124 000 kroner.
– Vi utmerkar oss i høve forsterbarn. I løpet av dei siste tre åra har vi ei auking frå 11 til noen og tredve. Det er ganske masse og det som koster hos oss, forklarte Jacobsen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.