Ut av fengsel
18-åringen som laurdag blei fengsla, mistenkt for å stå bak trugslar mot Søfteland skule, blir sleppt fri i dag.


Mannen som har vore varetektsfengsla i ei veke, sikta for trugsmål mot Søfteland skule, blir i skrivande stund sleppt ut av fengsel.
- Slik saka står er det ikkje fare for at bevis forsvinn, som var årsaka til at vi fekk vedkomande varetektsfengsla, seier politijurist Karsten Krüger Engedal til Midtsiden.no.
- Kva med tryggleiken og fare for gjengtaking?
- Vi meiner det ikkje er fare for gjentaking, verken av trugsmål eller fullføring av det som det er truga med.
Varetektsfengslinga varte til klokka 15 i dag. Mannen er framleis sikta.
- Er fleire sjekka inn i saka?
- Det vil eg ikkje kommentera, seier Engedal.
Midtsiden.no har prøvd å få tak i lensmann Rasmus Dalen i heile dag utan å lukkast.