Lokal | 18. sep. 2009

Ut av X Factor

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. sep. 2009 22:18

Ei venninne meldte Leon på i konkurransen, og fredag kveld fekk vi sjå opptaket frå audition i Bergen. På strak arm bestemte osingen seg for ei låt av bandet han elles hyllar med tributebandet sitt, Riff/Raff.

- Har du ikkje sett Idol eller liknande program, at du veit kva som må til for å gå vidare, tordna Jan Fredrik Karlsen etter Leon si framføring av AC/DC-låta Thunderstruck.

Karlsen veit nok ikkje at Åserød ofte dreg 200-300 gjestar når han og bandet står på scenen, men å synga AC/DC a cappella er heller ikkje lett.

- Eg kom vidare første dag, så eg fekk synga for hovudjuryen, men det fall som du såg ikkje i smak, seier Leon til Midtsiden.no.

Dei to andre X Factor-dommarane var heller ikkje imponert, så då var Leon vidare.

HER KAN DU SJÅ LEON SIN AUDITION



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.