Utan lappen - utan skilt
Ein ung mopedførar blei tatt av politiet onsdag kveld.
Onsdag i 23.30-tida kom politiet over ein uregistrert moped ved Amfisenteret.
Mopeden blei kjørt av ein gut som er gamal nok, men som ikkje hadde førarkort.
– Guten blei kjørt heim og avhøyr blei tatt på staden. Han er meldt for kjøring utan førarkort og kjøring med uregistrert kjøretøy.
Hund i bil
Tidlegare onsdag, i 16.30-tda, fekk politiet melding om hund innelåst i bil, der meldar var uroa for om det var for varmt i bilen.
Patruljen var på staden, der bilen sto parkert i skyggen og alle vindauga var på gløtt. Dei var ikkje i kontakt med eigar, men vurderte det som god nok lufting for hunden.
Støy i nabolag
Litt over midnatt fekk politiet klage om støy frå eit nabolag nær Os sentrum.
Dei som spelte høg musikk fekk pålegg om å dempa seg og etterkom dette.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.