Lokal | 23. mai 2017

Utbetaler 9,4 millionar til Os

Gjensidige sine kunder i Os får i år utbetalt nær 9,4 millionar kroner i kundeutbytte, noko som i snitt tilsvarar 2002 kroner kvar.

Utbetaler 9,4 millionar til Os
Konsernsjef Helge Leiro Baastad i Gjensidige betalar ut nær 9,4 millionar kroner til kundane i Os (pressefoto)
Andris Hamretirsdag 23. mai 2017 12:29

Gjensidige har omlag 800 000 kunder i Noreg som samla får 2,1 milliardar kroner i kundeutbytte. Dette tilvarar omlag 14 prosent av det dei same kundene betalte i forsikring i fjor.

– 2016 var eit godt år. Difor kan vi igjen dele ut eit solid utbytte, og i Gjensidige går mesteparten av utbyttet til kundane, seier konsernsjef Helge Leiro Baastad.

Over 12 millioner til Os og Fusa

Kundane i Os får utbetalt tilsaman 9 394 219 kroner i utbytte, noko som gir eit snitt på 2002 kroner per kunde. I Fusa er snittet høgre med 3146 kroner per kunde, totalt 2 736 708 kroner.

Historisk eigerskap

Bakgrunnen for at kundane får tilbake utbyttet er at den største eigaren i Gjensidige er den kundestyrte Gjensidigestiftelsen, som videreformidlar sitt aksjeutbytte til selskapet sine norske skadeforsikringskundar.

Ordninga har historiske grunner. På 1800-talet blei det danna mange små, lokale forsikringsselskap som blei eigd av kundane. I nyere tid har dei fleste gått saman i Gjensidige.

– Gjensidigestiftelsen vidareførar kundene sitt eigerskap, og det gjensidige forholde mellom kunde, lokalsamfunn og forsikringsselskap, avslutter Baastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.