Lokal | 04. juli 2010

Utfor med promille

Det slo kraftig ut då politiet tok utandingsprøve på den unge mannen som kjørte utfor vegen tidleg sundag morgon.

Utfor med promille
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. juli 2010 07:56

Sundag klokka 5.10 fekk politiet melding om utforkjøring i Mobergsbakken.

- Han skal ha kjørt ned eit skilt på veg i grøfta. Då patruljen kom fram ba dei om assistanse frå ambulanse for å få sjekka ein liten skade i hovudet, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Ragnar Lyssand.

- Det er litt uklart om det var føraren som hadde ein liten skade eller om han hadde passasjer med seg. Men føraren, ein mann i starten av 20-åra, blei sjekka for promille, og det slo kraftig ut.

Føraren blei kjørt til legevakt for utvida blodprøve og er mistenkt for promillekjøring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.