Helse | 14. juni 2026

Utfordrar næringslivet til 24-timars folkefest: – Det er ikkje lov å seie nei!

Jan Frode Skeie har fått med familie og kollegaer til å arrangere Stafett for livet i Bjørnafjorden.

Utfordrar næringslivet til 24-timars folkefest: – Det er ikkje lov å seie nei!
Marianne Berge, Jan Frode Skeie, Birgitte Lundberg og Kristian Bruarøy stiller med bedriftene sine, og utfordar andre. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnessundag 14. juni 2026 09:22

Kortutgåve:

  • Stafett for livet er Kreftforeningen sitt 24 timar lange solidaritetsarrangement. Målet er å samle inn midlar til kreftsaka, og vise støtte til alle som er ramma.
  • Konseptet er å halde ein stafettpinnen i gang eit heilt døgn. Det er ingen konkurranse og ingen tidtaking. Du kan gå, springe, rulle eller krype – heilt i ditt eige tempo.
  • Personar som har eller har hatt kreft er æresgjestar, kalla «fighterar». Dei går den første og siste runden av stafetten.
  • Det er gratis å delta. Ein kan stille lag med familie, vener, kollegaer eller nabolag, eller ein kan melde seg på Kreftforeningen sitt eige lag.
  • Laga samlar inn pengar via eigne aktivitetar og sponsorar undervegs. Alle inntekter går til Kreftforeningen.

Kortutgåva er laga med kunstig intelligens og kvalitetssikra av Midtsiden-redaksjonen.

No jobbar han med å få fleire bedrifter til å stille lag til 24-timarsstafetten i september.

Målet er at bedriftene som blir utfordra, skal sende stafettpinnen vidare til andre bedrifter, slik at ein får flest mogleg med på folkefesten på Kuventræ.

– Vi skal sette i gang ein utfordringskampanje, ein stafett før stafetten, fortel Skeie.

Han startar ballet med å melde på si eiga bedrift, Elements Production, med alle tilsette. Den første utfordringa sender han vidare til Kristian Bruarøy og hans kollegaer i Gründerparken.

Kristian Bruarøy (t.h) tok utfordringa frå Jan Frode Skeie på strak arm. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden
Kristian Bruarøy (t.h) tok utfordringa frå Jan Frode Skeie på strak arm. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden

Skeie er tydeleg på kva reglar som gjeld i denne kampanjen.

– Når eg utfordrar, så er det ikkje lov å seie nei! Det er gratis, og du kan melde på eit lag med berre éin person. Om du blir sjuk eller av andre grunnar ikkje kan delta, treng du ikkje melde frå til andre enn gjerne dei du er på lag med.

Støttar kollega og utfordrar Næringsrådet

Kristian Bruarøy tar imot utfordringa på vegner av Gründerparken, og fortel at deltakinga har ei heilt spesiell betydning for dei.

Ei av dei som sit i kontorlandskapet i Gründerparken er Marita Haugland, som ope deler om kreftreisa si.

– Vi vil spesielt signalisere støtte til henne, seier Bruarøy.

Han nøler ikkje med å sende stafettpinnen vidare til ei stor gruppe: Bjørnafjorden Næringsråd.

– Eg vil sende utfordringa vidare til bedriftene i Næringsrådet, som omfattar over 200 bedrifter i kommunen. Her er det alt frå enkeltpersonføretak og opp til store bedrifter som til dømes Framo. Vi vil at desse skal gjere dette til eit internt tiltak og vise støtte. Dei tel mange, seier Bruarøy, og legg til:

– Når gründerbedrifter har råd til å melde seg på, har alle etablerte bedrifter råd til å vere med.

Kastar hansken til kjøpesenteret

Skeie har òg sendt ei utfordring i retning Amfi Os, nærare bestemt til Kids Outlet og Sport Outlet. Håpet er at dei vil utfordre andre aktørar på senteret.

Birgitte Lundberg frå Kids Outlet og Marianne Berge frå Sport Outlet fortel at dei har meldt seg på med eit samla lag. Dei er alt i gang med å peike ut neste deltakarar. Kids Outlet utfordrar Coop, medan Sport Outlet kastar hansken til Elkjøp.

– Vi utfordrar Elkjøp fordi dei er store, spreke og tar ei utfordring på strak arm, seier Berge.

Marianne Berge og Birgitte Lundeberg tar utfordringa og sender den vidare. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden
Marianne Berge og Birgitte Lundeberg tar utfordringa og sender den vidare. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden

Skeie understrekar at ein fritt kan invitere med seg dei ein vil på laget.

– Du kan spørre den nærmaste familien, vener, samarbeidspartnarar eller andre i same næring. Jo fleire, jo betre. Det viktigaste er å registrere eit lag i første omgang, så kan ein melde på folk etter kvart.

Vil slå Sotras rekord

Kampanjen skal ikkje berre famne om næringslivet. Bruarøy har utfordra politikarar og administrasjonen i kommunen, og foreslår at mindre parti kan slå seg saman for å stille sterkt.

Skeie har på si side sendt utfordringa til Os Turnforening, og håper dei vil utfordre andre idrettslag.

– Eg har utfordra Os Turn med alle lag og idrettar, til å engasjere sine grupper. Eg håper at så mange som mogleg vil stille, i ulike aldersklassar. Vi håper at ballen begynner å rulle til både skular, barnehagar, helse- og bufellesskap, seier Skeie.

Om nokon synest det høyrest skremmande ut å halde det gåande i 24 timar, har Bruarøy råd:

– Vi i Gründerparken bruker kunstig intelligens og SMS-teknologi for å skape samhald og organisere våre 24 timar. Og eg stiller gjerne opp som kundesupport for bedrifter som treng hjelp til å melde seg på.

Kristian har fått med kollegane Reidar Birkeland og Frode Moberg. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden
Kristian har fått med kollegane Reidar Birkeland og Frode Moberg. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden

Ambisjonane til Skeie for arrangementet er store. Han ser til nabokommunen i vest for motivasjon.

– Sotra hadde rekord i fjor med 90 lag og heile 2.500 deltakarar. Sjølv før vi eigentleg har begynt kampanjen, har vi passert 25 prosent av Sotra sine påmeldingar. Det lover godt, og vi håper sjølvsagt å slå dei!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?