Utforkøyring på Hatvikvegen
Ingen skadd då bil hamna i grøfta.
Torsdag i 16.30-tida fekk politiet melding om utforkøyring på fv 552 Hatvikvegen.
Politi og ambulanse rykte ut til staden.
– Førar er undersøkt på staden, vedkomande er ikkje skadd, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.
Bergingsbil blei tilkalla. Då Midtsiden sjekka Hatvikvegen ti minutt seinare, var ikkje havaristen å finna.
OPPDATERT:
– Bilen køyrde frå Hatvik mot Os då uhellet skjedde. Bilførar har forklart at han fekk eit hjul utanfor asfaltkanten, og så mista han kontroll på bilen, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen fredag morgon.
Bilførar hadde litt smerter i nakke og ein fot, og politiet har derfor oppretta sak. Det er ikkje mistanke om promille og det er heller ikkje tatt beslag i førarkort.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.