Politi | 06. mars 2023

Utlending fekk tilsnakk då han spaserte langs Halhjemsvegen

Politiet sjekka også ein bilist i 30-åra som viste seg å vera på øvelseskøyring.

Utlending fekk tilsnakk då han spaserte langs Halhjemsvegen
Her, i 70-sona ved Lepsøykrysset, kom patruljen over ein mørkkledd fotgjengar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. mars 2023 09:39

I 01.20-tida natt til laurdag kontrollerte politiet eit køyretøy på E39 Halhjemsvegen.

Bilførar, ein mann i 30-åra, forklarte at han hadde mista førarkortet grunna ruskøyring, og no var på øvelseskøyring.

– Tapstida gjekk ut i 2019, så han hadde lov å øva, men bilen var utan L-merke, så passasjeren måtte overta rattet, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Laurdag kveld i 23.50-tida kom patruljen over ein mørkkledd mann som kom gåande langs Halhjemsvegen i 70-sona ved Lepsøykrysset.

Vedkomande, som er frå utlandet, fekk tilsnakk.

Søndag morgon i 08.30-tida hadde UP kontroll saman med lokal patrulje på Halhjem ferjekai.

40 bilistar blei kontrollerte utan at det førte til nokre reaksjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.