Politi | 28. feb. 2023

14 tatt i laserkontroll

Laserkontroll på Halhjemsvegen. Høgast fart blei målt til 87 km/t i 70-sona.

14 tatt i laserkontroll
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveitirsdag 28. feb. 2023 08:58

Måndag formiddag hadde Utrykningspolitiet (UP) laserkontroll på Halhjemsvegen.

– Det var laserkontroll, samt kontroll av mobilbruk og bilbelte, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

14 bilførarar fekk forenkla forelegg for å køyre for fort.

Høgast fart blei målt til 87 km/t i 70-sona. Det fører 6.700 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

UP gav også forelegg til ein bilførar for handhalden mobilbruk.

Utan gyldig førarkort

Ein kvinne i 30-åra blei stansa og kontrollert av ein patrulje på Søfteland måndag ettermiddag.

– Kvinnen kunne ikkje vise fram gyldig førarkort, opplyser politiet.

Sak blei oppretta.

Ung Arena

Politipatruljen var innom Ung Arena måndag formiddag.

Ung Arena hadde opent for både vgs- og ungdomsskuleelevar. Det var 15 elevar til stades og god stemning, opplyser Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.