Lokal | 11. feb. 2009

Utroskap og sex i bomberommet

Ei Facebook-gruppe sprer sladder om elevar på Os Gymnas.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. feb. 2009 09:20

Dei siste månadane har det eksistert ei Facebook-gruppe som sprer sladder om elevar på Os Gymnas.

Gruppa, som heiter «Sladdergut», skriv om utroskap og detaljert og om elevar som har hatt sex i bomberommet på skulen.

- Eg fekk sjokk då eg plutseleg fann namnet mitt på sida, seier ei jente til BT.no i dag.

Rektor Trond Eikeland seier at om ikkje gruppa forsvinn av seg sjølv, vil han høyra med jurist om det er mogleg å melda mobbinga til politiet.

- Vi har nulltoleranse for mobbing, seier han til BT.

Ein av administratorane av gruppa seier alle veit at innhaldet er tull og overdrive, og at dei derfor ikkje har fjerna gruppa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.