Utset nettbrett-forsøk
Pilotprosjekt med Ipad på ungdomsskulen som politikarane ba om, blir utset. Kommunen har ikkje råd.
I samband med budsjettet for 2014 ba politikarane om at det blei starta eit pilotprosjekt med bruk av Ipad som hjelpemiddel i ei klasse på ungdomsskulen.
– Det er førebels lagt på is, fortel it-ansvarleg på oppvekst- og kultur, Knut Vidar Garlid.
Blei nedprioritert
Planen var at ein i løpet av våren 2014 skulle utstyra ei 8. klasse ved ungdomsskulen med Ipadar i staden for elev-PC. Dette skulle gje ein betre og enklare undervisningssituasjon.
– Då Line Rye blei tilsett som kommunaldirektør hadde vi hadde ein gjennomgang av oppgåver og midler tilgjengeleg, såg vi at dette prosjektet måtte vi venta med.
– Det var andre delar av prosjekt «Betre læringsresultat» som blei prioritert høgare.
– Vi kunne nok ha starta pilotprosjektet, men det var ikkje midlar til å følgje det opp i fleire klasser.
– Viljen er der, og vi har framleis tru på prosjektet, men det er nok meir fornuftig å venta nokre år.
Rivande utvikling
Garlid fortel at dei hadde eit opplegg på gang med Apple, men at også dette blei lagt på is.
– Eigentleg er det litt bra.
– Utviklinga inna nettbrett skjer så utruleg raskt, at vi om berre få år kan få enno betre løysingar.
– Mellomanna gjeld det på programvaresida.
– Når vi tek prosjektet oppatt må vi ta ei ny vurdering på kva løysing som vil vera den beste. Om det blir Apple eller andre får vi vurdera når den dagen kjem, avsluttar Garlid.