Utstilling i sentrum
Kunstnargruppa Kaos har fått leiga G-Sport sitt gamle lokale og til helga blir det opning av haustutstilling.
Tre driftige damer utgjer kunstnargruppa Kaos, som står for Kunstamatører i Os, og saman med gjesteutstillar Svein Berge og kurator Marit Opdahl var dei tysdag hektisk opptatt med å få klart det gamle lokalet til G-sport som no skal gjerast om til utstillingslokale.
Kunstnarane har sett opp veggar og maltdei til utstillinga, og måleri i akvarell, arkyl og oljemåling står klar til å pryda veggane inne i lokalet.
– Eg tok kontakt med selskapet som eig lokalet og spurte om vi fekk låna det til å ha haustutstilling i 14 dagar, noko dei var positive til, fortel Reidun Bjørø, som saman med Ingerid Sulen og Kjersti Døskeland er dei aktive medlemmane i Kaos. I tillegg har dei to medlemmar som er travelt opptatt på andre kantar og difor er passive medlemmar.
Maling som hobby
Kaos blei starta opp i 2009 då Ingerid og Reidun møttest på eit malarkurs og fann tonen.
– Vi ville begge starta opp noko så då gjekk vi saman og det var starten på Kaos, seier Reidun.
Medlemmene må ha gått i lære og ha erfaring for å få bli med, men alle har malinga som ein hobby.
– Tidlegare hadde vi ein fast dag i veka kor vi samlast i lokalet vi har fått låna i gamle Os barnehage, medan no styrer vi oss sjølv og kjem og går som vi vil.
Imponert over arbeidet
Gjesteutstillar Svein Berge frå Ølve har hatt fleire utstillingar og kurs i akvarellmåling og han blei invitert med etter at Kaos-damene møtte han på Gla' Dansen.
Kuratoren deira Marit Opdahl er ein profesjonell kunstnar, og har hatt fleire utstillingar, blant anna i Paris.
Marit er imponert over abeidet som har blitt lagt ned i bilda til utstillinga.
– Alle dei fire kunstnarane har ulike uttrykk, men likevel så passar dei saman.
– Det er så spesielt å kunna kjøpa eit måleri og veta at ingen andre i verda har make, fortel Marit.
No er dei alle spente på opningsdagen, og ekstra spesielt er det nok for Kjersti, som er med på si aller første utstilling.