Næringsliv | 02. okt. 2009

Utvida eittåring

Båtens Beste har auka frå 4 til 13 tilsette. Torsdag feira dei eittårsdagen - og seinare denne månaden opnar dei butikk.

Utvida eittåring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. okt. 2009 05:35

Bildeserie:

1 av 3

Etablering av firma i båtbransjen kunne hausten 2008 verka som eit sjansespel av Martin Murud og Jonathan Dyrstad.

- Bergen Båt, som eigde Askvik Maritim, ville kvitta seg med plastavdelinga. Vi bestemte oss for å overta lokalet og utstyret med nytt firma, og klarte å driva i pluss frå første kvartal, seier dagleg leiar og medeigar Jonathan Dyrstad.

- Forsikringsskadar blei tidleg ei viktig varegruppe. Detaljert rapport med dokumentasjon av heile prosessen med utbedring av skade var noko selskapa sette pris på. Saman med små og store reparasjonar for etablerte båteigarar er forsikringsskadar framleis ein stor del av tenesteytinga vår.

Sakte tigersprang
Torsdag 1. oktober feira bedrifta eittårsdagen sin med kake i lunsjen. På 12 månadar har Båtens Beste AS auka frå 4 til 13 tilsette, noko som også kan sjå ut som resultat av ei offensiv leiing.

- Vi meiner sjølv at vi har vore varsame, og tatt det så roleg som mogleg, meiner Dyrstad.

- Sett bort frå avgjerda i vår, om å overta som leigetakar av heile anlegget, legg han til.

Båtens Beste AS fekk Askeladden Boats AS med på eigarsida med 34 prosent av aksjane. Samstundes overtok Båtens Beste både tilsette ved tidlegare Askvik Maritim og leigekontrakten i Henrik Askvik og Mons Tore Lyssand sine lokale.

- Akkurat då følte vi at vi satsa, vi kunne blitt verande som ei lukkeleg lita bedrift. Men samsundes visste vi at sjansane var store for at vi då kunne få konkurrentar i nabolaget.

No er mesteparten av verksemda flytta over til Askvik Maritim-lokala. Oppgradering av delar av byggmassen skal på plass før ny motorverkstad kan innreiast og plastavdelinga flyttast ut frå gamlelokala.

Forhandlarstatus
I vår sa Henrik Askvik frå Askeladden Boats at også butikken skulle i drift igjen i lokala på kaien, men det med eit anna selskap. Men i september blei det bestemt at Båtens Beste får både butikkdrifta og status som Askeladden-forhandlar.

- På messa i februar fekk vi mange vedlikehaldskundar, førre helg var vi på vår første messe som båtforhandlar. Der selte to båtar og har rundt femten tilbod ute til ulike interessentar, fortel Dyrstad nøgd.

Fleire utstillarar på Båter til Sjøs i Arenum opplevde få besøkande, men hos Båtens Beste var det travelt frå fredag til sundag.

- I tillegg til bestilling av reparasjonar og vinterlagring var det faktisk ganske stor interesse for ny båt, spesielt Askeladden C6.

Ny butikk - nye folk
På eittårsdagen til Båtens Beste hadde Christian Holko sin første arbeidsdag i bedrifta.

- Holko har lang erfaring frå butikk, blant anna frå ein stor båtutstyrsbutikk i Bærum, og frå sal av båt og utstyr i Bergen. Vi er veldig glade for at vi har fått han inn som ansvarleg for butikken vi no skal opna, seier Jonathan.

Butikksjefen er også nøgd.

- Det passar ekstra godt med jobb i Askvik, ho som var årsaka til at eg flytta til Vestlandet kjem nemleg frå Sørstrøno, og no skal vi bygga hus over sundet her, seier Christian.

Medan butikksjefen innreiar lokalet med båtar, påhengs og utstyr, søkjer firmaet etter endå ein tilsett.

- No har vi dyktige, sjølvstendige folk i alle avdelingar, frå plast og bunnsmøring til treverkstad, motor og utstyrsbutikk. Før sesongstart vil vi ha på plass ein salsjef på båt, seier Jonathan Dyrstad.





Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.