Lokal | 09. apr. 2014

Utvidar til 8 timar

Kommunen gjer endringar på parkeringsregimet i sentrum. Ny 8 timersparkering på Gjestebrygga.

Utvidar til 8 timar
Parkeringsplassane på Gjestebygga blir åtte-timersparkering (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 09. apr. 2014 10:01

Mot arbeiderpartiet sine 2 stemmer gjekk formannskapet tysdag inn for å utvida parkeringa på gjestebygga frå tre til åtte timer.

– Vi har heile tida etterlyst evaluering av erfaringane frå parkeringsregimet. Vi kan ikkje ha eit system kor vi ikkje kan gjera endringer undervegs.

– Dette er eit heilt rett grep å ta, argumenterte Marie Bruarøy (H) då Lars Atle Skorpen (Ap) ikkje ville gå inn for endringa.

Treng kortidsplassar nok

Skorpen sitt argument for ikkje å gå inn for endringa var av omsyn til næringslivet.

– Vi ønskjer fleire parkeringsplassar, men ikkje akkurat dette.

– Det siste vi treng no, med alle dei initiativa som er på gang i sentrum, er å senda nye signal til næringslivet.

– Vi tenkjer at timinga er utruleg dårleg.

– Kvifor er det naudsynt å auke til åttetimars parkering for å få meir aktivitet i sentrum, undra Skorpen.

Står mykje tom

Bruarøy, som i tillegg til å virka som varaordførar, er frisør i sentrum trakk fram poenget med at kundane hennar då kunne rekkje å gjera fleire ærend.

– Står kundane våre på to-timarsparkering, så kan det vera i knappaste laget.

– Står dei på tre-timarsparkeringa så held stort sett det, men då rekk dei gjerne ikkje gjera andre æren i sentrum.

– Når vi har ein plass, som evalueringa syner står mykje tom, så må jo det å gjera den om vera eit pluss for næringslivet, argumenterte Bruarøy.

Slik fordeler parkeringsplassane seg

I dag er fordelinga mellom 2, 3 og 8 timarsparkering slik i Os sentrum:

47% er langtidsparkering (omlag 190 parkeringsplassar)
22% er 3-timarsparkering (omlag 90 parkeringsplassar)
31% er 2-timarsparkering (omlag 120 parkeringsplassar)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.