Lokal | 18. feb. 2014

Utvidar tur-parkering

Frå 7 til 20 parkeringsplassar på Tøsdal. Kommunen løyver 180 000 kroner og inngår leigeavtale.

Utvidar tur-parkering
På bakkane langs stien mot Tøsdalsfjellet og Linken vi grunneigar utvida parkeringa med 14 nye plassar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 18. feb. 2014 13:07

På fine utfartsdagar rådar eit kaos på Tøsdal med bilar parkert delvis på jordene og langs tilkomstvegen, noko som kan gjera det vanskeleg for dei som bur der inne å koma seg fram.

Grunneigar Torbjørn Tøsdal har tidlegare i samarbeid med Os kommune og Bergen- og Omland friluftsråd opparbeida dagens parkeringsplass for ca. 7 bilar. Befolkningsvekst og auka interesse for friluftsliv gjer at denne parkeringsplassen ikkje lenger dekkjer dagens behov.

Fekk SMIL-midlar

I forbindelse med etablering av ny vassleidning i området har diskusjon kring parkering for turgåarar vore innom fleire avdelingar i kommunen. Prosjektavdelinga, landbruk og kultur har diskutert med grunneigar korleis ein kan finansiera prosjektet og løysa parkeringsbehovet.

Som eit ledd i prosjektet har grunneigar søkt SMIL-midlar gjennom landbrukskontoret og fått tildelt kr 56.000 til opparbeiding av parkering og utbetring av tilkomstveg til sti mot Møsnuken. Kostnadsoverslag frå entreprenør syner ein totalkostnad på kr 234.000 inkl. mva. Parkeringsplassen vert då asfaltert til ca. 20 bilar.

Parkeringsplassen på Tøsdal har i fleire ��r vore prioritert som nr 1. i kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Leiger grunnen

I formannskapet tysdag løyvde politikarane dei resterande 180.000 kronane slik at prosjektet kan realiserast.

– Det er jo litt nybrotsarbeid dette.

– Det er veldig behov for slike parkeringsplassar, kor vi er avhengige av velvilje frå, og samarbeid med, grunneigar.

– Grunneigaren har her sjølv søkt om midlar frå andre stader, noko vi set veldig pris på.

– Når det gjeld leigeavtalen vil eg rå til at vi går inn på ei leigeavtale på 10 000 kroner per år med indeksregulering kvart år i staden for ein stor eingongssum, foreslo ordførar Terje Søviknes (Frp).

Eit samrøystes formannskap gjekk inn for denne løysinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.