– Vakker som magnoliaen
«Mighty Magnolias» sitt debutalbum får terningkast 5 i Dagbladet.
Bandet «Mighty Magnolias» frå Os og Fusa får rikeleg med skryt frå platemeldar Øyvind Rønning i Dagbladet.
– Os har meir å by på enn Aurora, skriv Rønning.
Han gjer eit nummer ut av alle søskenpara i bandet og i produksjonen, og korleis frontfigur Emil Nordtveit liknar på Ole Reinert Berg-Olsen, både i utsjånad og stemmeprakt.
Han set òg pris på Ine Tumyr si stemme og spør kor tid ho kjem med soloplate.
«Mighty Magnolias» sleppte debutalbumet sitt i mai.
Har få konkurrentar
Rønning meiner bandet meistrar miksen av sjangrar, countryrock og blues, til fulle, og at fleire av låtane deira vil å få konkurrenar når årets beste countrylåt skal kårast.
– Vi er veldig stolte, tusen takk! skriv bandet på si facebookside.
Bandet består av vokalist og gitarist Emil Nordtveit, søskenparet Ine (vokal/perkusjon) og Stian Tumyr (trommer), og brørne Erik (gitar) og William Rolland (bass),
Tidlegare i sommar fekk dei terningkast 6, ein «innersekser», av Romerikes Blad.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.