Vaksen mann dømt for køyring i rus
Han hadde tatt både rivotril og amfetamin før han blei stoppa av politiet. Tre månadar seinare blei han tatt med 61 tablettar.
Natt til ein laurdag i slutten av januar i fjor blei ein mann i slutten av 40-åra stoppa av politiet i eit nabolag på Nore Neset.
Blodprøve viste at han var rusa på klonazepam (virkestoffet i rivotril) og amfetamin.
Sjølv om det ikkje var dei store mengdene, tiltalte sa sjølv at det var halvanna døgn sidan han hadde tatt amfetamin, meiner Folkehelseinstituttet i sin rapport at påverknadsgraden var over 1,2 i promille.
Fann tablettar heime hos tiltalte
Drygt to månadar seinare, i starten på april, blei det funne 61 rivotril-tablettar heime hos mannen, og 0,95 gram metamfetamin.
Metamfetaminen viste seg å vera sukker med restar av metamfetamin, det blei derfor tablettane som gjorde utslag for straffa.
Mannen blei tiltalt for både oppbevaring, bruk og køyring i rusa tilstand. Han møtte i retten og erkjente straffeskyld.
Fengsel på vilkår
Tiltalte blei dømt til 36 dagar fengsel, men soning av straffa blei utsett med prøvetid på to år.
Han blei òg dømt til å betala 8000 kroner i bot, og til tap av førarretten i 18 månadar.