Vaktar skulen vidare
Søfteland skule blir framleis vakta av politi, etter trugsmålet som kom inn per brev tidlegare i veka.


I dag klokka 15.30 skulle pressen få yttarlegare informasjon om trugselsituasjonen på Søfteland, men per epost får vi beskjed om at det ikkje er noko nytt i saka.
- Den einaste informasjonen eg vil ut med, er at vi etterforskar eit trugsmål retta mot Søfteland skule, seier lensmann Rasmus Dalen til Midtsiden.no torsdag ettermiddag.
Natt til torsdag og torsdag på dagtid har politiet heldt vakt ved skulen.
- Kjem det framleis til å halda vakt?
- Vi kjem til å halda fram med å sikra plassen. I kva omfang vil eg ikkje ut med, svarar Dalen.
Kva form for trugsmål skulen har fått vil politiet framleis ikkje ut med. Om brevet er handskrive eller maskinskrive får vi førebels heller ikkje svar på.