Fredag og laurdag var prega av småsaker - på søndag fekk politiet fleire trafikk-saker å hanskast med. (Ill.foto: KVB)

Valde å avbryta jakta

Motorsykkel i «hinsides» fart i Hegglandsdalen - forsvann mot Samnanger.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Etter ein fredag og laurdag med ei rekkje småsaker kan politioverbetjent Anne Lyssand fortelja om ein søndag med fleire trafikksaker.

I 110 kilometer i timen - i Hegglandsdalen

Litt over klokka 14 i går ettermiddag kom politiet over ein motorsykkel som heldt urovekkjande høg fart. Lyssand at politipatruljen forsøkte å få stoppa motorsykkelen, men at patruljen etterkvart valde å avlutta jakta.

– Motorsykkelen vart målt i minst 110 kilometer i timen, i Hegglandsdalsvegen. Patruljen vurderte det då som tryggast å avslutta jakta.

Lyssand legg til at registreringsnummeret fortalde at motorsykkelen er heimehøyrande i Litauen.

Utan gyldig førarkort

Tidlegare på søndagen, klokka halv elleve, vart ein bil stoppa utanfor Os sentrum.

Føraren av bilen, ein mann fødd i 1998 kunne ikkje framvisa gyldig førarkort.

Sak vart oppretta.

To meldingar om same bil - på ferjekaien

Like før klokka halv tolv søndag formiddag fekk politiet to meldingar som gjaldt høg fart og farleg køyring.

Lyssand seier at begge meldarane kunne fortelja at dei var nær å bli påkøyrd av ein bil på inne på kaiområdet på Halhjem.

Bilen skal ha køyrt om bord i ferja, men registreringsnummer vart teke, og den eine fornærma har opplyst at han vil anmelda opplevinga til politiet.

Avskilta heime i hagen

Rundt klokka 12 vart ein bil avskilta nær Os sentrum.

Lyssand fortel at bilen mangla godkjend EU-kontroll, og står no parkert på eigars adresse.

Stoppa med promille - innrømde i tillegg narkotika i heimen

Klokka 16 i går ettermiddag stoppa politiet ein bil i Byvegen.

Førar, ein mann fødd i 1997, blåste til utslag på politiets alkometer.

Lyssand fortel at føraren vart teken med til legevakten for utvida blodprøve. Etterkvart innrømde mannen òg at han han hadde narkotika i heimen.

Mannens bustad, som ligg i Bergen, vart etterkvart ransaka, og det vart funnen mindre mengder narkotika.

Mannen vart seinare dimmitert, men sak er oppretta, avsluttar Lyssand.   

Fleire saker