Lokal | 26. okt. 2012

Vallaheiane opna igjen

Etter ein halvtime med bom fast er det no dirigering over Vallaheiane.

Vallaheiane opna igjen
Det er no dirigering over Vallaheiane og nokolunde flyt i trafikken begge vegar. (Lesarbilde, foto: Ingunn Tjore)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. okt. 2012 10:39

– Vi har stått i ein liten halvtime, men no har det nettopp byrja å flytta på seg igjen, seier Ingunn Tjore til Midtsiden klokka 12.25.

Tjore er på veg frå Os til Bergen, men blei saman med mange andre ståande fast grunna kø på vinterføret.

Vallaheiane er versting om vinteren, spesielt når den første snøen kjem om hausten.

– Eg veit ikkje kva som er årsaka, men no er det dirigering så vi kjem oss vidare.

Det skal ikkje ha vore ei spesiell ulykke som er årsak til at det stoppa i trafikken, men generell dårleg framkomst hos enkelte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.